Meny

Forbedret Mjølkeprognose med utrangeringsassistent

Siden vi lanserte ein testversjon i august 2017, har vi fått mange innspel til forbetringar, og retta ein del feil. Nå har vi eit fullverdig produkt som er tilgjengeleg som TBS PLUSS-tjeneste.

Her kjem informasjon om dei viktigaste nyheitene, og nokre tips om bruk av verktøyet.

Nytt nå er:

  • Produktnavnet er endra til Mjølkeprognose med utrangeringsassisten
  • I Dyr: Du kan fritt koble ut den automatiske utrangeringa. Da vil det fungere som i «gamal» prognose (som blir stengt i løpet av våren).
  • Rangering Mjølkekyr og Rangering Kviger har fått eit supert løft ved at du kan legge inn eigne tilleggsvurderingar. God forklaring finn du i verktøya. Viss du markerer ei ku som «Utrangeres først», for eksempel fordi du har bestemt at ho ikkje skal ha fleire kalvar, vil «utrangeringsassistenten» ta omsyn til dette
  • «Felles avsiningsdato» kan brukast både i inneverande og neste kvoteår
  • Betre rapport i form av to nye kolonner: Nå viser vi også antal mjølkande kyr og antal utrangerte kyrfor kvar månad.
  • Dersom du legg inn mjølkeprisar pr. månad vil berekna mjølkeinntekt ta omsyn til eventuelt prognosert overproduksjonsmjølk (trekk 4,80 kr/liter over kvote).

Nokre nyttige tips:

  1. Start gjerne med Rangering Mjølkekyr og Rangering Kyr, og gjer eventuelle endringar med raude og grøne piler og eventuelt kronebeløp-justering der
  2. Gå til Buskap: Vi har ikkjefått mjølkekvote-lister frå Landbruksdirektoratet ennå, så kvote er foreløpig lagt likt med 2017. Justêr viss du har kjøpt/leigd kvote eller seld/leigd ut delar av kvota for 2018 og 2019.  Sjekk også at for eksempel sindagar, kalvefôring, kuplassar, planlagt avdrått og «svinn» er slik du vil ha det. 
    NB!  Knappen Tilbakestill vil hente inn att dei opprinnelege dataene i sida
  3. Gå til Dyr: Det er ein god regel å starte med Tilbakestill (alle dyr og alt står nå som original-forslag, og er som regel best å bruke). Du bruke Tilbakestill for å få effekt av for eksempel endringar gjort i Planlagt avdrått og i Rangerings-listene. Redigêr evt. manuelt dyr som du vil endre utmeldingsdato på (for eksempel innmeldte kyr som du veit skal reise snart), eller evt. slette utmeldingar. Du kan også hake bort kyr som ikkje skal vera med i mjølkeprognosa. NB! Det kan vera praktisk å bruke piltaster i kolonneheading for å sortere på «Planlagt utmelding» eller «Beregnet utrang.nr.» for å få betre oversikt.
  4. I Dyr: Legg inn «Felles avsiningsdato» viss du skal ha konsentrert kalving og opphald i leveransene.  Legg fyrst inn dato i inneverande år, og Oppdatêr.  Så kan du gjera det på nytt med ein dato neste år, og Oppdatêr
  5. I Dyr: Vi har ikkje tilrettelagt for «Kjøp av nytt dyr» - det blir sjeldan brukt, og krever mykje programmeringstid
  6. I Prognose (mjølkeproduksjon) kan du ikkje gjera endringar (det må gjerast i Buskap og Dyr), men du kan sjå forklaring på kvifor og når dei ulike dyra har fått utrangerings-forslag.  Du kan også fylgje berekna kg mjølk kvar månad for enkeltkyr om du vil
  7. Prognose (meierileveranse) er det praktiske svaret på kvotetilpassinga. Hugs at tjukk skrift i Levert mjølk, liter/månad betyr at det er fakta-leveranse. Dessverre ventar denne oppdateringa heilt til månadens mjølkeoppgjør er køyrt
  8. Hugs å lagre når du er ferdig. Da kan du finne att den aktuelle prognosa under arkiv seinare 
  9. Prognosa bør køyrast på nytt jevnleg.  Det kjem stadig ny info via Kukontrollen om dyra dine (avdrått, kalving, inseminering, avsiningsdato osv.), og kanskje stokkar du om på nokre dyr i Rangeringslistene i blant. Derfor vil du få betre styring med kvotetilpassinga ved å oppdatere prognosa i blant. Og med utrangeringsassistenten vil det ta lite tid å finne omtrent utrangeringsbehovet gjennom kvoteåret også i store buskapar

Kom med tilbakemelding til oss

Vi oppfordrar fortsatt til å koma med tilbakemeldingar viss døkk finn feil eller har andre kommentarar. Bruk gjerne kommentarfeltet under her. I neste forbetringsrunde tenkjer vi at oppdatering med faktisk leveranse ved kvar tankbilhenting er det viktigaste å ordne, og deretter ei automatisk berekning av sannsynleg mjølkepris kvar månad (avhengig av distriktstillegg-sone, sesongsone, fett-%, protein-%, elite-% osv siste 12 mnd).

Med dette håpar vi at det nye prognose-verktøyet kjem til stor nytte.

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit juni

Kr 5,24

Snitt fettprosent kumelk juni

4,37%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås