Meny

Mjølkeproduksjonen auka med 16 millionar liter i 2020

Volumet på kumjølk i 2020 landa på 1497 millionar liter. Det er over 16 millionar liter meir enn i 2019 og 45 millionar liter meir enn prognosen frå november 2019 basert på eit forholdstal på 0,96.

Dette viser at mjølkeprodusentane har omstilt seg til ein langt høgare etterspurnad i marknaden enn det vi trudde for eitt år sidan. Dei fleste fylka har ein auka. Unntaket er mjølkerike fylker som Møre og Romsdal og Trøndelag. Det er også ein lite auke i produksjonen av økologisk mjølk.

Meir protein, litt mindre feitt

I desember 2020 vart det levert 134,4 millionar liter kumjølk, nesten åtte prosent meir enn i 2019.  Feittinnhaldet var 4,38 prosent, mot 4,39 i 2019. Innhaldet av protein har gått opp frå 3,44 prosent i 2019 til 3,50 prosent i 2020. 

Geitemjølka på same nivå som i 2019

Årsvolumet på geitemjølk i 2020 vart på 19,8 millionar liter, og med eit tørrstoffinnhald på 12,27 prosent. Dette er same nivå som i 2019, både for volum og tørrstoff.
Ser vi berre på desember i fjor, var det ein nedgang i volum på nærare ni prosent.

Les heile statistikken frå TINE Råvare

 

 

 

 

 

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås