Meny

Verdig vinnar av seterprisen

Prisvinnarane Hans i midten, saman med Ola og leiar i Norsk seterkultur Hans Bondal.
Prisvinnarane Hans i midten, saman med Ola og leiar i Norsk seterkultur Hans Bondal.

Det var ein verdig seterprisvinnar som mottek Seterprisen 2017 under Norsk seterkultur si fagsamling og årsmøte 13. mai. Prisen gjekk til Hans Brimi og Ola Tangvik som eig og driv Brimi sæter i Lom.

Frå pressemeldinga til Norsk seterkultur kan vi lese - At utdelinga av prisen skjedde akkurat på Brimi sæter er heilt tilfeldig, men ikkje mindre artig, seier Hans Bondal, leiar for juryen – og leiar i Norsk seterkultur.

- Det var forslag på mange gode kandidatar, noko som fortel om stor aktivitet og kreativitet i ”seterlandet”, fortel Bondal. Med seg i juryen har han hatt Solveig Linge Stakkestad frå Norges Bygdekvinnelag og Nils Asle Dolmseth, nestleiar i konsernstyret i TINE.

Brimi sæter er i dag ei mangfaldig verksemd, med servering og overnatting, ysteri og formidling av seterkultur. Og setra ber preg av dyktige og kreative drivarar, trygt forankra i tanken om å føre driftsform og tradisjonar vidare. – Hans Brimi, odelsgut på garden Brimi, hadde tidleg tankar om å vidareutvikle setra. Han er kokk og opplært og inspirert av kjøkenet på Fossheim i Lom, der Arne Brimi var kjøkensjef. Ola er gift med Hans. Han er murar av yrke, men har lært seg kunsten å yste – og på setra kan du som gjest få følgje heile ysteprosessen. Marit er dotter til Ola. Ho er student, men hjelper kvar sommar til i butikk og kafe. 

Du kan lese meir om Brimi Sæter og Norsk seterkultur på lenkja under.

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås