Meny

Valkomitèen ringjer – kva svarar du?

No er tida snart inne for at valkomitèane i produsentlaga set seg i aktivitet, og du kan få ein telefon om dette. Då er det greitt å tenkje over at som medlem i TINE, er du valbar til tillitsverv!

Oppgåvene til valkomitèane:

Valkomitèane skal innstille på arbeidsutvalet; leiar, nestleiar, medlem og Geno-kontakt. Likeeins skal dei gje innstilling på årsmøteutsending/-ar og på ny medlem i valkomitèen.  Vala skjer i årssamlingane i kvart produsentlag.

Å finne dei rette personane til alle verva, er ei viktig oppgåve!  Som eit samvirke er TINE avhengig av engasjerte medlemer og tillitsvalde.  At arbeidsutvala skapar gode aktivitetar for medlemane, er viktig for kvar medlem og for TINE som organisasjon. Årsmøtet er TINE sitt øverste organ, og det er årssamlingane i kvart produsentlag som vel utsendingane, vegen frå den enkelte medlem til det øverste organet er difor kort. 

Du kan hjelpe valkomitèen din:

Valkomitèane set pris på innspel på kandidatar frå medlemane. Dei skal også vurdere dei tillitsvalde som er på val i dei ulike verva, har dei gjort ein god jobb, eller er tida inne for skifte/fornying? 

Om du veit om nokon som kan gjere ein god jobb som tillitsvald, er det mogleg å nominere kandidatar, Trykk her for å nominer en kandidat til tillitsverv i TINE. Om du sjølv vil gjere ein innsats, er det lov å føreslå seg sjølv!  Om du nominerer ein sitjande tillitsvald som er på val, er det ei god støtte for vedkomande – og nyttig informasjon til valkomitèen. 

Kva svar du vil gje på overskrifta, er opp til deg, men hugs på at om du får spørsmålet, har valkomitèen vurdert deg som skikka til vervet!

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2017

Snitt melkepris ku og geit oktober

Kr 5,05

Snitt fettprosent kumelk oktober

4,28%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080

Adresse: Langbakken 20,
1430 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter