Meny

Toppidrettsutøvaren TINE

Gjertrud Svartveit Osmundsen - medlem av rådet og eierutvalget i sørvest
Gjertrud Svartveit Osmundsen - medlem av rådet og eierutvalget i sørvest

Eg vil her påstå at TINE er som ein toppidrettsutøvar. Alltid på jakt etter marginar som kan gi betre resultat. Viljen til å vere best er svært høg og det er difor uaktuelt å slakke på krava.

Nå har vi fått høyre om dei gode resultata første halvår 2015. Lite gler oss mjølkeprodusentar meir enn at TINE går godt.

Konkuransen om forbrukaren er høg og skjerper. Dette gir ein stor variasjon og nokon fantastiske produkt gjennom innovative produkt ut til butikk og forbrukar.

Konkurransen om produsenten hardnar og til i fleire områder, noko som sjølvsagt også skjerper TINE ut mot eigarane. Her blir det viktig å synleggjera alle fordelane me har som eigarar av vår eiga bedrift, og det gode apparatet vi har rundt oss til å hjelpe til med store og små ting.

Som toppidrettsutøvar kan ein sjølvsagt ikkje ligge på latsida eller kvile på laurbæra. Ingen er betre enn dei siste resultata og ein må kontinuerlig arbeide vidare for å nå nye mål.

Dette gjeld også vår bedrift TINE. For å klare dette er det ikkje bare enkelte avdelingar som må forbetre seg, men heile kjeda også oss produsentar og tillitsvalde. Klarer vi  å redusert mengda 2. og 3. klasse mjølk ville vi fått enda betre resultat på botnlinja og dermed enda meir utbetalt. Så her er det også opp til oss å ta i eit tak.

Nå når vi har omorganisert i strukturen på eigardemokratiet er det sjølvsagt viktig at vi alle engasjerer oss og bygger den nye organisasjonen. Dette gjeld ikkje berre oss som tillitsvalde, men og alle andre eigarar og tilsette. Utan gode tilbakemeldingar kan heller ikkje vi tillitsvalde gjere den beste jobben slik at også vi skal høyre til i eliten og drive vårt arbeid på toppnivå. Så vi er avhengig av tilbakemeldingar på godt og vondt for å byggje den nye eigarstrukturen enda betre enn den gamle.

Som toppidrettsutøvarar må vi alle setje oss små og store mål. Alle ledd må bidra med litt om gongen. Vi bønder må setje oss mål om litt betre mjølkekvalitet, litt høgare protein og så vidare.

Vi tillitsvalde må setje oss mål om å engasjere enda fleire klare å nå ut til fleire, få fleire i tale, formidle ut strategiar og så vidare.

Bedrifta vår Tine har alt starta prosjektet Styrk utan at det var nødvendig å ta tak i dette alt no, det har alt gitt gode resultat som kjem oss til gode med betre mjølkepris. Likevel er det heilt sikkert nye og andre mål industrien vår kan og må setje seg.

Ingen er sterkare enn det svakaste leddet. Skal dei norske ski jentene trene mindre eller dårlegare for at konkurrentane skal kunne slå dei? Skal Brasil spele med 10 mann for å gi dei andre ein sjans til å skore? Skal Usain Bolt stille med 10 meter tillegg på 100m?

Slik kunne ein fortsatt å stille usaklege spørsmål, men kanskje er det ikkje det, i alle fall når det kjem til industrien. Skal TINE SA slakke på krava og ikkje drive like godt for å gi dei andre ein sjans? Sjølvsagt ikkje. TINE SA skal alltid streve etter å vere best fordi det i neste omgang gir oss bønder den beste prisen for mjølka vår og dei beste produkta ut til forbrukarane.

Så då håpar eg på stort engasjement denne hausten og at flest mogleg vil vere med å bygge den nye organisasjonen. Lukke til med haustes arbeid, om det er på jorde i fjøset eller i møtelokala.

Skrevet av: Gjertrud Svartveit Osmundsen, medlem av rådet og eierutvalget i sørvest

 

 

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås