Meny

Større aktivitet i Ålesund

I sommar vert det ei oppgradering av lageret ved TINE Meieriet Ålesund. på grunn av auka produksjon. I denne perioden må sunnmøringane drikke «melk fra Østlandet».

Arbeidet startar denne veka. I dei fire vekene dette pågår vert lageret stengt, og delar av produksjonen stoppa.
TINE Meieriet Ålesund vart bygd allerede i 1908 og er dermed blant dei eldste meieria i Norge. Meieriet er utvida og ombygd fleire gonger.

Tek over produksjon frå Byrkjelo

Ei av årsakene til oppgraderinga er at konsummjølkproduksjonen på Byrkjelo er vedtatt avvikla. Det betyr ikkje at meieriet på Byrkjelo blir lagt ned. Dei skal i staden auke produksjonen av Norvegia og brunost. Avviklinga på Byrkjelo betyr at Ålesund overtek ca. 200 kundar og aukar produksjonen med ca. fire millionar liter i året.

Fire veker med mjølk frå Austlandet

På lageret skal det meste rivast og byggjast opp att på fire veker. Dette blir ei ombygging for å handtere eit større volum og samstundes ei fornying av lageret.

Det betyr at lageret i Ålesund blir stengt i fire veker i sommar, i vekene 26-29. Ein følgje av dette er at også søtmjølkproduksjonen i Ålesund vil ha sommarstengt, mens produksjonen av dessertar og andre langtidshaldbare produkt vert som normalt.

Litt lenger kortreist mjølk i sommarferien!

Normalt får forbrukarane på Sunnmøre mjølk frå nærområdet som er tappa på meieriet i Ålesund og køyrt direkte frå meieriet til butikkane. Den midlertidige stansen betyr at kundane på Sunnmøre vert forsynt frå andre meieri i desse fire vekene, for det meste frå Oslo og Frya. Etter som mjølka desse fire vekene kjem frå andre delar av landet vil forbrukarane oppleve å få regional mjølk frå Austlandet.

 

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit juni

Kr 5,24

Snitt fettprosent kumelk juni

4,37%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås