Meny

Skeiv mjølkeinngang kostar TINE dyrt

Meierisjef Thorkild Heieren (t.v.) i Byrkjelo og rådgjevar Jo Helge Sunde er begge uroa over den skeive mjølkekurva i landet, og spesielt i Sogn og Fjordane.
(Alle foto: Olav Håland)
Meierisjef Thorkild Heieren (t.v.) i Byrkjelo og rådgjevar Jo Helge Sunde er begge uroa over den skeive mjølkekurva i landet, og spesielt i Sogn og Fjordane. (Alle foto: Olav Håland)

Prosjekt sommarmjølk er no sett i gang i TINE med mål om å jamne ut mjølkekurva. Den låge andelen mjølk i tredje kvartal kostar industrien dyrt. Sogn og Fjordane har den aller skeivaste mjølkekurva.

No skal årsakene analyserast og ut frå det finne moglege tiltak. 

Skeivast mjølkekurve i Sogn og Fjordane 

Mottak av mjølk i tredje kvartal er på same nivå som tidlegare til tross for at det over mange år er gjort ulike endringar i prisstimulering og prissoner. Andelen mjølk levert i tredje kvartal i 2018 var på 22,3 prosent, medan tilsvarande tal er 26,2prosent for første kvartal. Andelen er ikkje endra sidan 2005. Sogn & Fjordane er det fylket i landet som har den skeivaste mjølkekurva, sjølv om temaet om auka produksjon av sommarmjølk har vore framme mange gonger. 

Pilotprosjekt i tre produsentlag 

Prosjektet som no er sett i gang omfattar dei tre produsentlaga Eid & Bremanger, Jølster og Gloppen. 
Frå hausten vert det sett i gang fleire tiltak. 

- Vi skal ha fagmøte i produsentlaga frå august og utover, og i tillegg legg vi opp til individuell rådgjeving. Vi skal bruke vår kompetanse og våre verktøy for å vurdere omlegging av mjølkeproduksjonen på den enkelte gard, både om det er mogleg og korleis det påverkar økonomien på garden. Kompetanseutvikling hos rådgjevarane er også viktig, seier prosjektleiar Jo Helge Sunde.

Jo Helge Sunde i eng

Prosjektleiaren understrekar at skeiv mjølkeinngang er ei utfordring i fleire delar av landet, ikkje berre i Sogn & Fjordane. 

- Eg trur at vi gjennom dette prosjektet i Sogn & Fjordane vil skaffe oss viktig innsikt som kan nyttast i heile landet.  

Merkevara Norvegia er reguleringsprodukt 

Den låge mjølkeinngangen i tredje kvartal skaper ei rekkje utfordringar for industrien vår. Ei av våre viktigaste merkevarer, Norvegia, vert nytta som reguleringsprodukt. Det betyr at Norvegia nokre gonger er lagra i 10 veker, andre gonger i 25 veker.  

- Det er viktig at forbrukarane opplever stabil kvalitet på merkevarene. Eg synes dette er ei utfordring i seg sjølv, seier meierisjef Thorkild Heieren på TINE Meieriet Byrkjelo. 

Kan redusere kostnadene med 80-100 millionar 
 
TINE må ha nok kapasitet i industrien til å takle produksjonen når den er på det aller høgaste. Det betyr at kapasiteten er altfor stor i tredje kvartal. Det kostar TINE dyrt. Eit reknestykke seier at TINE kan redusere kostnadene med 80-100 millionar kroner i året om mjølkeinngangen hadde vore jamn gjennom året.
Thorkild Heieren portrett meierisjef Byrkjelo  

- Ei vekes produksjon i september her på Byrkjelo tilsvarar ein dags produksjon på vinteren. Vi snakkar om eit årlege potensiale på 15 millionar kroner. Vi gjennomfører større vedlikehald, avvikling av ferie og avspassering på sommaren. Så langt har ikkje permittering vore tema, men om vi ikkje greier å endre på den skeive mjølkeinngangen, er eg uroleg. Det vil bli ei aukande utfordring for meieridrifta i fylket, seier Heieren.  

Mangel på grovfôr og beite 

- Den viktigaste årsaka til den låge mjølkeproduksjonen om sommaren er tilgang på grovfôr og beite, men eg utelukkar ikkje at tradisjon og vane også kan spele ei viss rolle. Mange bønder har god tilgang til utmarksbeite og difor opplever dei at haustkalving fungerer best, seier Sunde.  

Uroleg for at nye, mindre lausdriftsfjøs tek «sommarfri» 

Overgang frå båsfjøs til lausdrift har medført meir sommarmjølk, men samtidig opplever vi at båsfjøsa vert skeivare og skeivare. 50prosent av mjølka i Sogn & Fjordane vert framleis produsert i båsfjøs. Utfordringa er at nedgangen i produksjonen i tredje er større i båsfjøs enn i lausdriftsfjøs. 

Akkurat no er vi urolege for at produsentar som byggjer nye lausdriftsfjøs held fram med same skeive mjølkeproduksjon som dei hadde i båsfjøsa. Det er eit politisk ønskje om å satse på bruk mellom 15 og 30 kyr, og då trengs det inntekter utanom garden. Det kan medføre at det er eit ønskje om «mjølkefri» på sommaren, seier Sunde.  

Ny tid i mjølkeproduksjonen 

Jo Helge Sunde peikar på at vi går inn i ei ny tid i mjølkeproduksjonen. Det er varsla at produksjonen må ned, kanskje med om lag 100 millionar liter, og samstundes er det venta at mjølkeprisen vert lågare. 

- No er det tid for mjølkeprodusentane å tenkje på korleis dei skal tilpassa seg den nye situasjonen for å sikre ein best mogleg økonomi. For mange vil grovfôrsituasjonen bli betre og plassen i fjøset betre, seier Sunde. 

Han oppfordrar mjølkeprodusentane å vurdere å inseminere fleire kyr utover sommaren.  

No må det planleggast – bruk TINE si rådgjeving! 

Anders Felde er ein av fire medlemmer i Felde samdrift. Han er og leiar i Sogn & Fjordane Bondelag. Dei har ein årleg produksjon i samdrifta på om lag 600.000 kg mjølk. Dei produserer mjølk heile året, men litt mindre om sommaren. No oppfordrar han bøndene til å planleggje for framtida. 

Anders Felde leiar i Bondelag S&F

Vi har konkrete planar om meir inseminering no utover for å auke sommarproduksjonen neste år. Vi skal og sjå på om vi kan gjera meir for å auka grovfôravlinga og vurdere bruken av kraftfôr. Eg er overtydd om at vi kan redusere kostnadene i samdrifta med fleire hundre tusen. Eg vil oppfordre bøndene til å tenkje framover og nytte TINE si rådgjeving, seier Felde. 

 

 

 

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2020

Snitt melkepris ku og geit juli

Kr 5,33

Snitt fettprosent kumelk juli

4,32%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås