Meny

Ope fjøs arrangement i Dale i Sunnfjord

Laurdag 29. oktober, inviterte Magne Norddal frå Dale i Sunnfjord til open fjøs. Interessa for å sjå kva Magne har fått til var stor, blant dei 230 frammøtte fann vi aktive mjølkeprodusentar frå Fjaler og nabokommunane, også dei som vurderar satsing på mjølk framover, og ikkje minst bygdefolket som også stilte opp.

Magne ville syne fram det nye lausdriftsfjøset som er oppført på garden Indre Norddal, i Dale i Sunnfjord.

Dette er no den sjette fjøsen i Fjaler der kyrne vert mjølka av mjølkerobot. Mange av bøndene og deira etterkomarar som tok turen, står sjølve føre val om framleis mjølkeproduksjon på heimegarden. Her fekk dei inspirasjon, tips og oppmuntringar frå andre bønder og rådgjevarar. Felleskjøpet sine seljarar stilte med planleggings-hefter og mange avtalar om oppfølging vart gjort.

Fjøs opning Dale 1

Dei rundt 230 besøkande, både bønder og privatfolk vart møtte av det norske flagget i toppen av stanga, flagget vaia friskt i vinden, her skulle det feirast.

Alle fekk gå inn i og sjå eit topp moderne fjøs med lausdrift, mjølkerobot, automatisert grôvfôr-tildeling, gjødselrobot og mykje meir.

Fjøs opning Dale 2

Bilde: Mange gratulerte Magne Norddal med det nye flotte  fjøset. Her er det Arve Arstein frå Norsk landbruksrådgjeving som overrekkjer blomar.

 

I tillegg til familie og vener stilte Bondelaget i Fjaler & Hyllestad, TINE, Nortura og Felleskjøpet opp som medarrangørar. Det vart skipa til ei flott feiring av den nye fjøsen. Nortura stod for servering av grillmat, medan TINE hadde med drikkevarer til maten, og Bondelaget ordna med kaffi og kaffimat. 

Då vêrgudane i tillegg spelte på lag denne dagen, var det mange som kosa seg i sola utanfor garasjen, som denne dagen fungerte som serveringslokale.

Fjøs opning Dale 3

 

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås