Meny

Ny rådgjevande gruppe geit har starta opp

Rådgjevande gruppe geit er ei intern TINE gruppe. Gruppa er samansett av sju mjølkeprodusentar og fire tilsette i TINE.

Leiar for gruppa er direktør i TINE Rådgiving og Medlemsservice, Johnny Ødegård, og sekretær er fagleiar geit, Ken Lunn.

Slik er gruppa samansett

Geitemjølkprodusentar:
-Marianne Rønning (Øst)
-Hege Gonsholt (Øst)
-Andreas Wollnick Wiese (Sørvest)
-Jostein Sande (Midt)
-Tor Lie (Midt)
-Raymond Mathisen (Nord
-Andreas Blixgård (Nord)

Frå administrasjonen deltek:
- Johnny Ødegård
- Eivind Kjuus,
- Norunn Ulvedal 
- Ken Lunn 

Skal gi innspel og råd

Konstituering skjedde i siste del av oktober.
Rådgjevande gruppe geit skal vera ei gruppa av aktive geitemjølkprodusentar og TINE-medlemmar, som administrasjonen bruker for å få innspel og råd i saker som gjeld geitemjølkprodusentane spesielt.

Gruppa skal òg gi informasjon om geitesaker, vera i aktiv dialog med geitemiljøet og få innspel på aktivitetar for geitemjølkprodusentane.

Referata blir sendt til konsernstyret

Gruppa var samstemte i at Rådgjevande gruppe geit bør være ei intern TINE gruppe, men der Bondelaget, Bonde- og småbrukarlaget og Norsk Sau og Geit vert inviterte til å delta på relevante saker. Det kan til dømes vera innspel til  kvotedrøftingar, innspel til jordbruksforhandlingane og fellesprosjekt på geit.

Representantar frå Sal og Marknad, TINE Råvare og andre avdelingar kan også møte, avhengig av kva for saker som står på møtekartet.

Møtefrekvens blir to til fire møter i året, avhengig av kva saker som er til handsaming.
Referat frå møta vert oversende til medlemmane i Konsernstyret og TINE Medlem. TINE Medlem vil bidra med relevant informasjon frå arbeidet i gruppa.

 

 

.

 

 

 

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås