Meny

Kvifor redusere produksjonen av geitemjølk når salet aukar?

På bildet; Marit Haugen.
Foto: Privat
På bildet; Marit Haugen. Foto: Privat

Det kan verke ulogisk at TINE tilrår å redusere forholdstalet på geitemjølk frå 0,94 til 0,93 når salet av produkta aukar. Men det finst ei logisk forklaring.

I dei ni første månadene i år viser salstala for dei fleste geitemjølkprodukta ein svak auke.  

–Det gleder meg stort at salet av geitost aukar og vi har tru på at dette fortset. Geitemjølka er eit framifrå råstoff og gir velsmakande ostar, seier Marit Haugen.  

–Men framleis går ein betydeleg del av geitemjølka til dyrefôr, ca 2,2 millionar liter i 2019. Å bruke eit godt råstoff til dyrefôr, er ikkje bra for omdøme til geitenæringa og det er dårleg butikk. I alt vi gjer må vi tenkje konkurransekraft, og alt vi gjer som er ulønsamt er direkte eller indirekte med på å leggje nokre ekstra kilo i sekken vår når vi konkurrerer i butikk, uavhengig av om det er kumjølk eller geitemjølk, avsluttar Haugen.  

Meir behov for geitemjølk i 2020 

Tala frå dei siste åra syner at produksjonen av geitemjølk har vore stabil rundt 20 millionar liter i året, sjølv om forholdstalet har gått ned i fleire rundar.  

Gledeleg nok viser prognosane for 2020 at det kommersielle behovet for geitemjølk aukar med 1,1 millionar liter på grunn av håp om auka  sal  av ekte, kvit geitost etter at eksporten til USA starta i haust.   

Unngår bruk av mlk til dyrefôr 

Dersom prognosen, med et forholdstall på 0,93 slår til, vil produksjonen lande på 19 millionar liter geitemlk i 2020. Då er vi i ein situasjon der TINE ikkje lenger treng å bruk geitemlk til dyrefôr. Produksjonen og etterspurnaden blir meir i balanse, eit viktig bidrag for å styrke lønsemda i geitemlkproduksjonen. 

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås