Meny

Kanskje eigerutvalgets viktigste oppgave?

Asgeir Pollestad
Asgeir Pollestad

Som fleire har skrevet før meg fekk me ein ny eigerorganisasjon etter årsmøtet i april. Som nyvalgt rådsmedlem er eg så heldig at eg skal få lov å vera med og forma denne. Eg har i sommer gått og tenkt mykje på oppgavene våre i rådet og ikkje minst i eigerutvalget. Mykje av desse oppgavene er jo vedtektsfesta, så det er for så vidt greit å forhalde seg til. Men korleis når me målet/målsettinga vår?

Eg har fått vera med på fleire politikar- møter nå i haust. Dette har vore trivelege møter, der me treff folk med ulikt kunnskapsnivå om TINE! Det som uroar meg, er at me som eigarar ikkje klarer å koma med eit unisont budskap om kva som er TINEs utfordringer framover. Det trur eg er utruleg viktig framover, at me klarer. Min påstand er: At me ikkje klarer å koma med eit unisont budskap er nok rett og slett fordi me har forskjellig fokus i organisasjonen vår. Kanskje er det eigerutvalget si viktigaste oppgave å få ein felles forståelse i heile eigerorganisasjonen.

Det mangler ikkje på utfordringer i norsk landbruk, men av og til trur eg det kan vera fornuftig å lyfta augo noko frå eigne utfordingar, og sjå litt på kva som er TINEs utfordringer framover!

Det som eg tykkjer er så fantastisk, er at me som vel å levera melka vår til TINE er også eigarar av TINE, eit konsern som i 2014 omsatte for ca 21,5mrd. Denne industrien er me eigarar av om me bur i Finnmark i nord eller Agder i sør. Det fokuset trur eg er viktig å ha når me arbeider som tillitsvalgte i TINE, uavhengig av nivå. Dette fokuset trur eg det er viktig at me i eigerutvalget er med og bygger opp under.

I haust skal me ha både AU samlinger og Produsentlagssamling. Eg gleder meg enormt til å koma rundt og treffa tillitsvalgte frå Sogn og Fjordane i nord til Agder i sør. Eg har stor tru på at me i saman skal få til mykje godt arbeid og ha mange gode og livlege diskusjonar.

Eg har forventningar og vil utfordre dykk alle til og vera med å bidra i diskusjonar med engasjement og tilbakemeldingar på arbeidet som blir gjort.

Hugs at i lag kan me få til det utrulige.

LYKKE TIL ALLE SAMAN MED ARBEIDET I NY EIGERORGANISASJON!

Asgeir Pollestad

Rådsmedlem og nestleder eigerutvalget sørvest

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås