Meny

Gode smaksopplevingar

Birgit Oline Kjerstad
Birgit Oline Kjerstad
TINE-ambassadør Wenche Ytterli byr på god smak.
TINE-ambassadør Wenche Ytterli byr på god smak.

Meir enn 6000 smaksprøver fekk føter å gå på frå den felles TINE- og Nortura-standen dei fire dagane Den Norske Matfestivalen i Ålesund varte. – Vi var fem eigarar og tillitsvalde som bytte på å jobbe med å presentere ost frå TINE og skinke frå Nortura, sier Birgit Oline Kjerstad, eigar og regionstyremedlem i TINE Region Vest.

Med NM i kokkekunst og storhushaldningsmesse under same tak vart det eit allsidig klientell som kom til standen.

– Vi hadde nok å henge fingrane i, Ikkje minst når det ramla inn 1000 ungdomar på ein gong ein av dagane. Med Æra skinke, Fast Snøfrisk, Ridderost, Jarlsberg Edel og Bestemorost på menyen var det litt for ein kvar smak. Sjølv om ostane har vore i TINE sitt sortiment i ei årrekke, var det nye smakar for mange som stoppa ved standen. Ikkje minst gjorde den Faste Snøfrisken stort inntrykk. Fleire kokkar roste den opp i skyene. Vi vart både stolte og audmjuke der vi sto. Stolte av TINE, meieriet og ikkje minst produsentane som har gjort ein fantastisk jobb med råvarene siste åra, sier Kjerstad.

Med på å få til standen for TINE og Nortura var kokk og geitemjølkprodusent i Nordal, Jannicke Tafjord, to TINE-ambassadører frå TINE Midt: Anne Katrine Jensen, Gjemnes, og Wenche Ytterli, Rauma. Og sist, men ikkje minst Nortura-tillitvald Linda Gjerde Myren frå Valldal.

Tilbakemeldingane var mange og folk sette pris på både å smake og få vite meir om produkta vi hadde på stand under Den Norske Matfestivalen i Ålesund:

"E elska ridderost!"
"Fast Snøfrisk, det har eg aldri hørt om, kor får eg kjøpt den?"
"Geitost? Eg e skeptisk, men den der var faktisk fantastisk god!"

– Som ny tillitsvald i TINE Vest vart dette til god læring og inspirasjon for å jobbe videre med TINE Ambassadørordning i Vest. TINE har eit fortrinn med alle eigarane som kan gi konsernet eit lokalt ansikt ut til forbrukarane gjennom TINE Ambassadørordning. Gjennom tett og godt samarbeid med dei TINE-tilsette i Salg og Marked, trur eg at vi kan få til mykje bra forbrukerkontakt i tida framover, om vi nyttar muligheitene som ligg i det å jobbe i lag, avsluttar Birgit Oline Kjerstad.

 

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit juli

Kr 5,16

Snitt fettprosent kumelk juli

4,27%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås