Meny

Fjøsbrann som vart til fjøssatsing

Familien Sperle. Foto: Sogn Avis
Familien Sperle. Foto: Sogn Avis

John Geir Sperle og familien hans frå Jostedalen i Luster kommune, opplevde eit mareritt 30.januar 2014, fjøsen brann ned, og mange av dyra brann inne. Nøyaktig på same dag eitt år etter flytta dei inn i ny fjøs!

Her er plass til 45 kyr, roboten mjølkar i dag 30 kyr, dei er enno i oppbyggingsfase av buskapen.

Det var fleire grunnar til at dei valde å satse vidare på mjølk, det viktigaste at det låg bra til rette økonomisk, og dei sakna eiga mjølk på matbordet!

Planleggings- og byggingsprosessen dette året har vore hektisk, men dei har hatt god hjelp frå fleire. Ordføraren tok fort kontakt etter brannen, og både kommunen og Innovasjon har vore sentrale.

Inviterte til stor opning

28. mai tok John Geir og sambuaren Ellen Kyllingrud i mot kollegaene i Luster produsentlag. Eit frammøte på over 70 personar syner at mange var interesserte i å sjå den nye fjøsen og korleis folk og dyr har det. Det vart ei kjekk samling, der ein fekk sjå ein fjøs med mykje trevirke som bygningsmateriale, også at kalvane har golvvarme på liggjeplassen, og at dyra er rolege. At John Geir og Ellen er godt nøgde med situasjonen, er også vesentleg. Leiaren i produsentlaget, Tomas Kjørlaug, delte ut "Ny-fjøs diplom" til familien. Samlinga vart avslutta med middag på Jostedal hotell, her gjekk drøsen vidare blant bønder, avløysarar, veterinærar, tankbilsjåførar, rådgjevarar og andre inviterte.

 Sprele åpning

Foto: Sogn Avis

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås