Meny

Alt for bonden

Magne Økland, rådgivar i TINE. Foto: Bondevennen
Magne Økland, rådgivar i TINE. Foto: Bondevennen

«Ei støtte for bonden er Magne sitt mål». Dette har vore Magne Økland sitt mål gjennom 46 år som rådgiver i TINE. Det kan vi lese om i eit portrettintervju laga av Liv Kristin Sola i Bondevennen.

Dialog

Dialog med bonden og velferd for dyra har vore det viktigaste for Magne Økland gjennom 46 år som kontrollassistent, husdyrkonsulent og rådgivar, Magne ville jobba med dyr, tal og system. Som rådgivar gjennom 46 år har han fått utfordring på alle desse områda, men kontakten med bøndene har vore og er det viktigaste for Magne.

Den viktige heimbygda

Samfunnshuset og idrettslaget er hjarta for aktivitetane i bygda. Magne har konkurranseinstinkt. På nittitalet var han aktiv i idrettslaget. Løp og sykkel har vore hans idrettsgreiner, med Nordsjørittet og Holmenkollstafetten som nokre høgdepunkt. Magne tek sin skjerv av dugnad og verv. I snart ein mannsalder har han vore aktiv i Bondelaget, fleire år som leiar av Sandeid Bondelag. Magne har vanskeleg for å seia nei, både i jobb og privat. Han er pliktoppfyllande og positiv.
– Vil me ha ei aktiv bygd, må alle trø til.

Dagens rådgivar

For Magne er det viktig med allsidig rådgiving og tett kontakt med bonden. På fleire bruk er han rådgivar for tredje generasjon på garden. Men rådgivingstilbodet i Tine er i stadig endring.
– Eg kan sakne den tette kontakten med bonden.
Magne er nøkkelrådgivar for 90 produsentar og sekretær i fleire produsentlag. For å oppnå god dialog og få respons og tillit, er det viktig å vera ærleg. Både om det som er positivt og det som kan gjerast betre. Men det er ikkje alltid like lett å nå fram, medgir Magne.

Les meir på nettsida til. Bondevennen

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås