Meny

Utdanningsprosjekt for mjølkeprodusentar i Hordaland

Er du ein offensiv mjølkeprodusent i Hordaland med tru på framtida? Då er dette kursopplegget noko for deg. Gjennom ei treårig løype vil TINE Rådgiving gje deg den nyaste kunnskapen, og omfattande erfaringsutveksling, som vil bidra til god helse hjå dyra dine.

Gjennom prosjektet «Friskare kyr gjev glad bonde» inviterar me mjølkeprodusentar og anna aktuell fagpersonell i Hordaland til å fylgja ei treårig prosjektløypeMålet er å videreutvikla kompetansen og kunnskapen din, til å halde god helsestatus i buskapen og ei frisk og haldbar ku.  

Norsk mjølkeproduksjon går no gjennom store omstillingar. Det vert fleire dyr per buskap og det vert større jordbruksareal i drift per bruk. Noreg er i verdstoppen med å ta i bruk ny teknologi som mjølkerobot og automatiske fôringssystem. Samstundes vert det større press på kua som produksjonsdyr. Bonden får høgare arbeidspress og nye utfordringar som bedriftsleiar. Dette krev investeringer og kan gje ein tøffare økonomisk belastning. Samstundes gjev det rom for å ta ut økonomiske marginar og organisera arbeidet på ein meiføremålstenleg måte 

Dyktige lærarkrefter og fokus på erfaringsutveksling 

«Friskare kyr gjev glad bonde» er eit kurs der me skal nytta spisskompetente lærarkrefter og fylgja opp med erfaringsutveksling. Viss ein lukkast med å få til ein frisk og funksjonell buskap vert bonden glad og ein kan ta ut større marginar i drifta.  

Mjølkeprodusenten si forståing av kyrne si helse og produksjonsforhold må fornyast og vidareutviklast. «Friskare kyr» fokuserar på fôring, miljø og stellfaktor som viktig for å oppnå robuste produksjonsdyr, høg fôreffektivitet og god dyrevelferd. 
I framtida kjem ein kanskje til å oppleva aukande press frå storfesjukdomer som me tidlegare berre har høyrt andre land streva med. Til dømes digital dermatitt og smittsam mastitt (S.agalactiae).
«Friska
re kyr» vil òg bidra til å redusera forbruket av antibiotika til dyr. Mjølkeprodusentar med høg kompetanse vil utan tvil få mest ut av drifta si. Gjennom «Friskare kyr»-utdanninga vil me vektleggja tolv ulike tema for å oppnå dette:  

  • Fôring for friskare dyr  
  • Jurhelse og mjølkekvalitet 
  • Reproduksjon og fruktbarheit 
  • Ku-signal og åtferd (CowSignals®)     
  • Klauvhelse 
  • Grovfôrkvalitet 
  • Kalveoppdrett 
  • Innreiing og klima 
  • Buskapsutvikling 
  • Produksjonsøkonomi 
  • Sjukdomsførebygging hjå drektig kvige, sinku og nykalva ku  
  • Smittevern 

 
Førelesarar vil vera mellom dei ypparste i sine fagfelt i Noreg. Utanlandske førelesarar vil òg nyttast der dette vil gje det beste tilbodet til deltakarane.  

Kurset vil kombinere førelesingar i plenum èin dag, og fjøsbesøk i erfaringsgrupper èin dag innan ei veke etterpåErfaringsgruppene skal fylgja opp tema frå førelesing og diskutera eigne erfaringar. Leiar for kvar gruppe vert ein TINE-rådgjevar.  

Fire samlinger i året

Det vil verta gjennomført 12 samlingar (ei samling er 1 førelesingsdag og 1 fjøsbesøksdag), fordelt over tre år med fire samlingar i året. Deltakerane vil då verta satt inn i ein praktisk kvardagssituasjon dei kjenner, og verta utfordra på bruken av og refleksjon omkring temaet. Samlingane vert avhalde på dagtid, som regel mellom kl. 10-15 med rom for variasjon for kvar samling.  

Førelesingane vert gjennomført på Nye Voss Vidaregåande skule (gamle Jordbrukskulen på Voss) med oppstart i februar 2019. Det vert halde fire samlingar i 2019. Fyrste samling er 20. februar 2019, og fyrste erfaringsutvekslingssamling vil skje innaei veke etterpå. 

Program for år 1 - 2019:  

  1. 20. februar:Fôring for frisk og fruktbar ku 
    Anja Våg Skjoldfagsjef fôring TINE Rådgiving 
    Kay Arne Aarseth, veterinær TINE Rådgiving 

  1. 27. mars: Kontroll med celletalet 
    Håkan Landinveterinärexpert juverhâlsa og djurvälfärd Växa Sverige 

  1. 29. oktober: Reproduksjon og fruktbarheit 
    Adam Dunstan Martin, Førsteamanuensis. Veterinærhøgskolen,Institutt for produksjonsdyrmedisin ved NMBU  

  1. 20. november: Ku-signal og åtferd 
    Joep Driessen, VetVice, Nederland. Master Trainer, Director/owner of the CowSignals® Training Company, Veterinarian og Cowmunicator 

Du kan òg melda deg på kursserien via din TINE-rådgjevar. 

Tilbodet gjeld i denne omgang mjølkeprodusenter og andre i Hordaland men er det andre interessentar, så ta kontakt med prosjektleiar. 

1. påmeldingsfrist er 15. jan 2019.  Absolutt siste frist er 30. jan 2019.  
 

Pris 

Kursavgifta er kr. 8 000,- pr. år for 1 deltakar. Det inkluderer fire fagsamlingar og fire gardsbesøk, med servering av varm/enkel lunsj. Halv pris for deltakar nummer to og/eller tre frå same bruk.  

Det er bindande påmelding for eitt (1) år.  

Fakturering skjer ein gong i halvåret. Me gjer merksam på at denne kursavgifta er sterkt subsidiert gjennom eksterne prosjektmidlar. 

Kontakt 

Om du har spørsmål eller ynskjer meir informasjon, kan du kontakte prosjektleiaTorkjell Lunde Børsheim,
på tlf. 97 13 01 73
 eller e-post 

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1430 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås