Meny

Tok ut over 300 000 kroner i samla alders- og tidligpensjon

Ein bonde i sekstiåra var ikkje klar over korleis pensjonsreglane fungerer, og at han kunne starte uttak av pensjon. Gleda vart stor då bondefamilien og rettleiaren tok ein gjennomgang og konkluderte med at han til saman kunne ta ut godt over 300.000 kr samla i alderspensjon og tidlegpensjon i jordbruket.

I tillegg kan han halde fram med å arbeide på garden og ta ut løn, under førestnad av at garden har skifta eigar. Ingen hadde teke denne praten med familien tidlegare.

Livslinjeråd løner seg

Gjennom arbeidet vårt erfarer me at det er stor variasjon i kor bevisst den enkelte bonde er om sine økonomiske disposisjonar på kort og lang sikt. Difor har me i TINE Rådgiving starta med tenesta Livslinjeråd. Mange ulike fagområde er aktuelle i denne typen rettleiing, både vegval, pensjonsplanlegging, planlegging av eigarskifte og driftsplanlegging. Ved å sjå fleire fagområde under eitt sikrar me ei meir heilskapleg rettleiing. Viktige stikkord er langsiktig planlegging og at beslutningar blir tekne i rett tid. Tenesta er i startfasen, og i første omgang set me søkjelyset på tidlegpensjon.

Få veit om ordninga

Sidan starten har tenesta Livslinjeråd avdekka at mange bønder har betre pensjonsmoglegheiter enn dei er klar over. Såleis kan fleire oppnå tidlegpensjon i jordbruket ved å samordne inntekta frå begge ektefeller/sambuarar og byte på kven som står som hovedbrukar. Inntekter frå skogen kan inngå i grunnlaget for tidlegpensjonsordninga. Dermed kan eit godt planlagt eigarskifte med skattefri slutthogst bidra til tidlegpensjon. Likeeins kan fedre som har hatt låg inntekt medan borna var små få ein betre pensjon dersom mora har starta å arbeide att før borna fylte seks år. Mor får nemleg omsorgsopptening sjølv om ho ikkje alltid har bruk for det. Ved å overføre omsorgspoeng til far i dei åra mor har hatt bra inntekt, kan far ofte få auka pensjonsutbetalinga utan at mor taper på det.

Nøkkelrådgjevaren din kan formidle kontakt med ein Livslinjerettleiar. Ta gjerne kontakt før du fyller 55 år for å tilrettelegge for tidlegpensjon.

Les meir om tidlegpensjon i jordbruket

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit juni

Kr 5,24

Snitt fettprosent kumelk juni

4,37%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås