Meny

Produsentar med høgast feittprosent – kva viser kukontrollen om fôringa?

Dei siste åra har avdråtten auka som følgje av auka kraftfôrmengder, medan kvaliteten på grovfôret har vore stabil med relativt låg energiverdi over mange år. Auka bruk av kraftfôr vil normalt gi lågare innhald av feitt i mjølka både fordi meir stivelse frå kraftfôret vil gi mindre eddiksyregjæring og fordi auka avdrått vil gi ein uttynningseffekt i mjølka. Men både feitt- og proteinprosenten har auka.

Det er dermed lett å tenkje at gode kraftfôrblandingar er det som skal til. Gjennom data i kukontrollen er det sett på om ein kan sjå fôringsmessige forskjellar på produsentar som har høg feittprosent kontra produsentar som har lågare feittprosent når forholda elles er standardisert.

Datagrunnlag

Data for feittprosent i leverandørmjølk hos produsentar i vinterhalvåret er brukt som grunnlag. Det blei tatt eit gjennomsnitt av feittprosenten for kvar produsent for månadene januar til april og oktober til desember 2017. For å ha kontroll på laktasjonsstadiet blei det satt som krav at alle skulle ha kukontroll med mjølkeveging og kraftfôrregistrering kvar månad, og gjennomsnittleg laktasjonsstadium for kyrne i kontrollen skulle vere mellom 100 og 200 dagar etter kalving i kvar månad. Dermed utelukka ein besetningar med konsentrert kalving sidan det kan påverke resultata. For å utelukke rase-effektar så vart kun reine NRF-besetningar plukka ut. Med disse strenge kriteria blei det eit datasett med 537 produsentar. Produsentane blei delt inn i grupper etter gjennomsnittleg feitt % berekna for den nemnte innefôringsperioden. Dei 25 % av produsentane med høgast feittprosent blei gruppert som «Høg», dei 25 % med lågast feittprosent blei gruppert som «Låg», medan dei 50 % i midten blei gruppert som «Middels». Det var 0,4 tidelar i skilnad på feittprosenten mellom dei med «Høg» og «Låg» feittprosent (figur 1). Også proteinprosenten var høgast i gruppa med høg feittprosent; 0,1 tidel høgare enn «Låg», medan laktose var det same i alle gruppene.

Lågare kg mjølk, men høgare EKM

Buskapar med høgast feittprosent hadde noko lågare avdrått enn gruppa som hadde låg feittprosent, med gjennomsnittlege differanse i dagsavdråtten på 1 kg. Årsavdråtten per ku i kg mjølk var også lågare, 224 kg, medan årsavdråtten målt i kg EKM (energikorrigert mjølk) var 144 kg høgre. Gruppa med middels feittprosent hadde høgast avdrått.

Kraftfôrmengder og grovfôropptak

I kukontrollen har vi kun fôrregistreringar for kraftfôrmengder for kvar ku på kontrollen, men ingen registrering om type kraftfôr eller om grovfôret. Det er imidlertid utvikla ei «baklengsberekning» for forventa opptak av «restfôr» når kraftfôret er trekt frå basert på kua sitt behov ut frå mjølkeavdrått, laktasjonsstadium og mobilisering/deponering av kroppsreservar, drektigheit og forventa kroppsvekt. Det er NorFor-likningar som ligg bak berekningane, og det er mellom anna tatt omsyn til substitusjonseffekt av redusert grovfôropptak på auka kraftfôrmengder. Dersom det blir fôra med kraftfôr og grovfôr som einaste fôrslag vil dette gi eit godt estimat på venta grovfôropptak. Figur 3 viser mengde kraftfôr per 100 kg mjølk for kvar gruppe av produsentar, og berekna dagleg grovfôropptak per ku. Disse tala er henta frå årsstatistikkane for 2017 for kvar produsent. Tala viser at produsentane med høgast feittprosent hadde lågare kraftfôrforbruk oppgitt som kg per 100 kg EKM (28,6) enn produsentane som hadde lågast feittprosent (31,4). Kg kraftfôr på kontrollen var respektive 8,3 og 9,0 kg i gjennomsnitt for gruppene «Låg» og «Høg». Berekna grovfôropptak på kontrolldagen var høgare hos produsentar med høgast feittprosent; 71,9 mot 67,2 MJ per ku per dag i gruppa med lågast feittprosent.

Oppsummering

Produsentar med høgast feittprosent utnyttar grovfôret betre og brukar mindre kraftfôr ein produsentar med lågare feittprosent. Samtidig er avdråtten noko lågare så høgare feittprosent er også eit resultat av mindre uttynning av feittprosenten.

Gjennomsnittleg feittprosent i kvar gruppe

Figur 1. Gjennomsnittleg feittprosent i kvar gruppe.

Fig 2 Produksjon i kg mjølk og kg EKM per årsku

Figur 2. Produksjon i kg mjølk og kg EKM (energikorrigert mjølk) per årsku i gruppene med høg, middels og låg feittprosent.

 

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2020

Snitt melkepris ku og geit april

Kr 5,05

Snitt fettprosent kumelk april

4,39%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås