Meny

Mjølkeproduksjon i Sveits

Deltakerne fra prosjektgruppa
Deltakerne fra prosjektgruppa
Sveitsisk Braunvieh
Sveitsisk Braunvieh
Fjøstak med solcellepaneler
Fjøstak med solcellepaneler

I Sveits fjerna ein mjølkekvotane i 2009, mellom anna som eit resultat av politisk press. Før frisleppet gjekk kvoteprisane opp, fordi mange bønder ønskte å posisjonere seg. Etter at dei fekk summa seg skjøna alle partar i verdikjeden at dei må samarbeide for å få mjølkemarknaden til å fungere.

Forskingsprosjektet Kompetent bonde http://kompetentbonde.no/ arrangerte tidlegare i haust studietur til Sveits, og her er nokre inntrykk frå turen.

Meir oppteken av marknad og forhandlingar

Bøndene er pålagde å vere med i produsentforeiningar, som forhandlar med mottakarane av mjølk, noko som har medført at bonden no er meir oppteken av marknad og forhandlingar. Kontraktene mellom foreiningane og mottakarane av mjølk er offentlege, slik at alle kan følgje med på prisar og vilkår. Om lag samstundes med fjerninga av kvotane, inngjekk Sveits ein frihandelsavtale med EU om tollfri handel med ost. For drikkemjølk og ferskost har ein framleis toll. Frihandelsavtalen har gjort at importen av billeg ost frå EU har auka mykje. Sveitsarane har ikkje klart å auke eksporten av merkevareost like mykje som dei planla då kvotane vart fjerna. Totalt er verdien av ost til eksport no berre litt høgare enn verdien av importert ost.

Bøndene oppnår svært ulik mjølkepris avhengig av kva område dei bur i. Om bonden bur nær eit meieri som produserer ein av dei mest kjende ostetypane som til dømes Gruyere, er prisen vesentleg høgare enn om bonden leverer til eit meieri som produserer ost i billegsegmentet. I middel er mjølkeprisen om lag kr 3,18 pr liter mjølk for konvensjonell mjølk, ein nedgang på omlag 1/3 i høve til 1991. Nedgangen er eit resultat av fjerna kvotar, frihandelsavtalen og kursnedgang på sveitsiske franc. Prisen for økomjølk er om lag kr 6,50 pr liter, og etterspurnaden etter økomjølk aukar.

Nedgangen i mjølkepris har gjort at sveitsarane er opptekne av å få ut ein meirpris for mjølka. Såleis satsar dei mellom anna på «høymjølk», sjå til dømes nettsida http://www.kaeserebellen.com/hay-milk/

Høymjølk er eit eige varemerke, og føreset at bonden fôrar kua berre med høy og maksimum 10 prosent kraftfôr. På denne rasjonen oppnår dei ein avdrått på opptil 8000 kilo pr ku. Fòret må vere GMO- fritt, og kua må på beite kvar dag i beiteseseongen. Like eins legg ein vekt på høg dyrevelferd, og førebyggjande bruk av antibiotika er forbode. Sveits satsar dessutan på å bli verdsleiande på dyrevelferd. Høymjølk- ordninga er kontrollert av staten, og bonden oppnår ein mjølkepris på omlag kr 5,80. Om lag ein tredel av all mjølk i Sveits blir nå produsert utan bruk av surfôr. Osten dei produserer av høymjølka vert laga av upasteurisert mjølk og må lagrast i minimum to månader. Vi må legge til at i Sveits kan dei i motsetnad til hjå oss dyrke det meste, i alle høve i låglandet. Mais og sukkerroer gjev låge fòrkostnader.

Rettleiing

I følgje sveitsiske rettleiarar er det store skilnader i lønsemd frå bruk til bruk, og ein tredel av bøndene tener ikkje pengar. Det vart og hevda at ein del bønder har mist yrkesstoltheita.

Om lag ein tredel av bøndene har ikkje kontakt med rettleiarar i det heile, trass i at staten betaler 50 prosent av timeprisen. Det meste av rettleiinga er offentleg, og bøndene verdset nøytral rettleiing.  Føremålet med å subsidiere timeprisen er eit ønskje om å nå fram til flest mogleg. Like eins finansierer staten om lag 85 prosent av landbruksforskinga. Bøndene I Sveits har fagbrev, og konene er i langt større grad heimeverande, og styrer ofte økonomien på garden.

Rettleiingssenteret vi besøkte har tenester innan økonomi, mjølkeproduksjon, økologisk drift, bygdeutvikling, vindyrking , frukt, grønsaker og jordanalyse. Rettleiarane er opptekne av familien og vegval, og ofte treng bonden hjelp med komplekse problemstillingar. Bonden har generelt lite innsikt i rekneskapstal. Økonomisk rettleiing er viktigast, inkludert finansiering. Rettleiarane er «spesialiserte allroundarar»,  med ein grunnkompetanse innan generasjonsskifte, juss, samdrift, investeringar og utbygging. Dei fleste har bachelorgrad og må ha ei veke etterutdanning pr år, og ei vekes kurs i pedagogikk. Rettleiaren fungerer som ein prosjektleiar, og har kontakt med jussekspertar internt og eksternt, samt bankar, varemottakarar, leverandørar og styresmakter.

Vi vitja òg nokre gardsbruk, mellom anna ei mjølkesamdrift. I Sveits er sal av mjølk og egg direkte frå garden tillate, og dei som har høve til dèt oppnår svært gode prisar. Bonden prøver å ha fleire bein å stå på, og biogassanlegg og utnytting av solenergi er såleis ikkje uvanleg. Like eins er bøndene opptekne av billege driftsbygningar og maskinsamarbeid.

Du kan lese meir om studieturen på nettsidene til kompetentbonde.no.

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås