Ei gladmelding til norske mjølkeprodusentar: Behovet for mjølk er større enn på fleire år. No gjeld det å produsere mest mogleg, sidan kvotene er auka, og Noreg treng minst-65 millionar liter meir mjølk enn i 2020.
2020 var året då norske mjølkeprodusentar førebudde seg på å trappe ned mjølkeproduksjonen. Då skulle produksjonen av Jarlsbergost til eksport, flyttast til eit nytt meierianlegg i Irland, og mjølkebehovet vart vesentleg redusert.
Så kom pandemien
Men så kom pandemien, folk var meir heime, grensehandelen tok slutt, og forbruket av norske meieriprodukt skaut i vêret. I tillegg vart opninga av det nye meieriet i Irland utsett.
– Derfor vart det brått eit betydeleg auka behov for mjølk, fortel prosjektleiar Jo Helge Sunde i TINE. I staden for at alle mjølkeprodusentane skulle kutte produksjonen med fire prosentpoeng, vart forholdstalet trinnvis auka, og er no på 1,07.
Mjølkeprodusentane tok utfordringa på strak arm, trass i at dyretalet hadde gått ned.
– Mjølkebøndene greidde å auke produksjonen ved å forlenge mjølkeperioden (laktasjonen) og ved betre fôring. Ikkje minst var
det positivt at den auka produksjonen kom i månadene juli, august og september då mjølkekurva er mest skeiv.
Då året var omme, var produksjonen 16 millionar liter større enn i 2019. Det skal mjølkeprodusentane ha all ære av, seier Jo Helge Sunde.
God økonomi i å auke produksjonen no
Han har god tru på at den gode trenden held seg inn i heile 2021, truleg også i 2022. For det finst mange gode grunnar til
at mjølkebøndene bør auke produksjonen.
- Norske forbrukarar kjøper meir meieriprodukt.
- Kvotefyllinga låg på drygt 88 prosent i 2020, her har mange bønder mykje å gå på. Med høge kvoteprisar er det bra for økonomien
å utnytte gratis mjølkekvote som oppstår når forholdstalet er over 100
- Omsetjingsavgifta er redusert med 20 øre pr. liter, gir betydeleg auka utbetalingspris.
- Behov for høgt innhald av feitt i mjølka, gir auka kvalitetsbetaling.
– Det er gode pengar å tene for dei som ser moglegheiter og kan produsere opp mot kvoten i år. Fleire har eit stort, unytta
potensiale i låg kvotefylling, understrekar Sunde.
Lenger mjølkeperiode
Det er med andre ord ikkje farleg for mjølkeprodusentane å satse på eit litt større dyretal i år enn i fjor. I mange år, særleg
i 2020, oppmoda TINE eigarane om å produsera meir sommarmjølk, resultatet vart ein auke på 5,3% i tredje kvartal. Samla for
året var auken på 0,6% Den oppmodinga er like aktuell i år, men no er bodskapen at TINE treng meir mjølk også tidleg på året.
Å forlenge laktasjonen bør vurderast uansett kalvingstid.
–Eit godt råd er å kontakte TINE-rådgjevarane for å få innspel på korleis produksjonen kan aukast. Klarer vi å auke produksjonen
gjennom heile året, er det ein vinn vinn-situasjon både for bøndene, TINE og norske forbrukarar, seier Sunde.