Meny

Vellukka samling for leiarane i produsentlaga i Sørvest

Det er alltid ei viss spenning når ein skal vere med på noko ein aldri har gjort før! Denne samlinga var den første for leiarane i Eigarutval Sørvest, og det gjekk bra!

Oppmøtet var på vel 93%; 4 av dei 60 produsentlaga var ikkje representerte. Forsamlinga vart godt blanda på tvers av gamle grenser ved bordplassering, dette vart kommentert som positivt. Mange hadde ordet på dei ulike postane både med meiningsytringar, kommentarar og spørsmål. Forsamlinga vart også utfordra i gruppearbeid, og diskusjonane gjekk rundt om på borda.

Kva signal gav møtet til innleiarane?

  • Heine Bakke, rådgivingssjef, fekk fleire kommentarar. Mange poengterte at rådgjevinga må vere god og kompetent, og at ein då gjerne betalar for denne spisskompetansen. Geita i TINE Rådgiving vart etterspurd, også at ein gjerne ville vore med i prosessen på omorganiseringa i TINE Rådgiving.

  • Aniela Gjøs, konserndirektør logistikk, fekk også mange kommentarar og spørsmål etter eit innlegg på korleis ein arbeider med logistikk i TINE, ho tok også føre seg verdien av at vi har eigendistribusjon.  Fleire takka henne for godt innlegg.  Ho kommenterte det som kom opp, både dei nære ting og meir overordna spørsmål, som reklame på bilane, biodiesel og endra innhentingsrutiner.

  • Trond Reierstad, styreleiar, greidde også å engasjere forsamlinga både på orienteringa og ikkje minst på spørsmålet om grovfôr og grovfôrpolitikk. Styret fekk ros for godt arbeid og godt resultat pr.3.kvartal, og fleire uttrykte forventing om stor etterbetaling. Han fekk full støtte for tankegangen om at vi må bruke mest mogleg norskprodusert fôr, og halde grovfôrarealet i god hevd. Viktig at faglaga er med på dette, opprusting av arealet krev investeringar, så verkemidlane må på plass. Tiltak for framtidsretta bruksstruktur må vere tilpassa naturgrunnlaget. Nokre var inne på at høg kvotepris er ein viktig drivar for å gje seg som mjølkeprodusent.

Produsentlagsledersamling i Sørvest

 Bilde til venstre: Konserndirektør logistikk Aniela Gjøs.

Gruppearbeid; «Bli kjend med andre frå andre delar av Eigarområdet»; Erfaringsutveksling: «Slik gjer me det i vårt produsentlag».

Det kom fram mange gode punkt på aktivitetar i produsentlaga, ein raud tråd var at møte med fagleg innhald fengjer. Vidare positivt at ein har aktivitetar der heile familien kan vere med.

Ei sak vi må arbeide vidare med er å gje ny-brukarbesøket meir konkret innhald.

Open Post

Som alltid var det stor aktivitet og mange som tok ordet på Open post. TINE sin avgjerd om å byggje nyanlegg på Flesland vart teke godt imot i Hordaland. Vidare var fleire innom lausdriftskravet frå 2024, trongen for investeringsverkemiddel i næringa, utfordringa på grovfôr-/kraftfôr og den aukande importen som går på kostnad av norsk mjølk.

Møtelyden vart også utfordra på TINE sitt handlingsrom framover.  Her fekk ein «sitje rundt styrebordet», og ta avgjerd på kva retning TINE skal gå. Mange moment kom fram, men målet om høgast mogleg utbetalingspris til eigarane på kort og lang sikt, står fast.

Evaluering

Tilbakemeldingane frå deltakarane er svært gode, 4,5 poeng av 5 moglege, syner at ein har opplevd samlinga som nyttig.

 

 

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit juni

Kr 5,24

Snitt fettprosent kumelk juni

4,37%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås