Meny

Ungdomspolitikarar besøkte TINE i Sørvest

Eigarutvalet Sørvest inviterte fylkesstyrene i dei politiske ungdomspartia til møte med TINE. Responsen var positiv, fleirtalet av partia/organisasjonane takka ja til invitasjonen, og møtte med 2-3 representantar kvar.

Samlingane er akkurat ferdig gjennomførde; det møtte til saman omlag 40 ungdomspolitikarar. 

Eigarutvalet presenterte TINE

Møtene var lagt til meierianlegg (TM Kristiansand, TM Jæren, TM Bergen og TM Byrkjelo). Det var medlemmene i Eigarutvalet som innleia og presenterte TINE, og fekk ein god dialog med dei frammøtte. Det var mange spørsmål og synspunkt, godt engasjement - og positive tilbakemeldingar på samlingane.

Avslutningsvis var det tilbod om omvisning på anlegga, noko dei nytta seg av. Dette gir ungdomspolitikarane kunnskap og forståing, som er svært verdifult for både ungdomspolitikarane og for TINE. Fleire av ungdomspolitikarane sit i kommunestyrer/fylkestingsstyrer og har kontaktar inn i moderpartia  - ei viktig målgruppe. Og ein etablerer kontaktar og nettverk som det er viktig å følge opp. 

- " I oppsummeringa i Bergen sa deltakarane at dei hadde hatt stort utbytte av dagen og lært mykje meir enn det dei hadde forventa på førehand. Då kan me jo ikkje vere anna enn svært fornøgde!" seier rådsmedlem Gjertrud Svartveit Osmundsen. 

Ros til Eigarutvalet Sørvest for initiativ og gjennomføring!

 

Sørvest eierutvalg ungdomspoliitkere

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås