Meny

Eigarutval Sørvest er konstituert og klart for nytt arbeidsår!

Eigarutvala i dei 4 eigarområda i TINE er samansette av 6 rådsmedlemer frå eigarområdet + minst 1 styremedlem. Me har hatt eigarutval i eitt år, har lagt bak oss årsmøtet - og eigarutvala går inn i eit nytt arbeidsår.

Medlemssjef Knut Schibevåg i Sørvest melder at av medlemene i Eigarutvalet Sørvest , var tre av rådsmedlemene på val - alle desse fekk fornya tillit i årsmøtet. Årsmøtet valde nye vara til Rådet; 1.vara til Rådet: Kjell Paulen (Gloppen), 2.vara  May Ann Levik (Strand/Forsand). Desse to er då og vara i Eigarutvalet Sørvest.

Eigarutvalet Sørvest har følgjande samansetjing:

- Kjartan Åsnes (rådsmedlem), frå Sunnfjord

- Helge Arne Espeland (rådsmedlem), frå Jondal

- Gjertrud Svartveit Osmundsen (rådsmedlem), frå Sveio

- Johannes Fattnes (rådsmedlem), frå Suldal

- Asgeir Pollestad (rådsmedlem), frå Nærbø

- Gunn Elise Helle (rådsmedlem), frå Konsmo

- Cecilie Bjørlo (styremedlem), frå Nordfjordeid

- Askild Eggebø (styremedlem) frå Finnøy

1.vara: Kjell Paulen frå Gloppen

2.vara : May Ann Levik, frå Forsand

Eigarutvalet hadde nyleg sitt første møte etter årsmøtet, der konstituering var ei av sakene. Ved konstituering vart Helge Arne Espeland attvald som leiar av Eigarutvalet Sørvest, og Asgeir Pollestad vart attvald som nestleiar.

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås