Meny

Drøvtyggjaren - Helten i historia

Mjølkeproduksjon er bioøkonomi i praksis. Ved ei omstilling av samfunnet til framtida sin bioøkonomi, er eg overbevist om at kua vil ha sin heilt naturlege plass.

Drøvtyggjarane er vandrande bioreaktorar. Det geniale med mjølkeproduksjonener at vi får høgverdige proteinar frå kua utan å ta livet av den, og den leverere meir høgverdige proteinar enn det den blir fora med. Det kua gjer, og la oss ta med geita også, er å gjere gras og plantematerialer som er dårleg egna til menneskemat, om til høgverdige næringsmidlar, mjølk og kjøt. Samtidig produserer den verdifull gjødsel til planteproduksjonen.

Utan kua hadde det opp gjennom historia vore vanskeleg å overleve i eit kjølig og vått klima med kort vekstsesong. Norge er først og fremst eit fôrland. "Kua er den eigentlege helten i historia", seier han eg bor i lag med. "Kua har betydd det same for Europa som Nilen for Egypt !" er hans påstand.

Solys og fotosyntesen ligg i botnen for produksjonen, både frå hav og land. Ny teknologi og nye metodar skal utviklast for å ta enno betre vare på energien og næringsemna i eit kretslaup i størst mogleg balanse. I staden for verdikjede må vi tenkje meir kretslaup både på garden og i industrien.

TINE har planer om å ta føringa i det å tilpasse oss den nye tida med nye miljøkrav til produksjonen. Dette blir ei spanande reise å vere med på for oss.

Vår tradisjon med å produsere mjølk og kjøt på same dyra syner seg å vere mindre miljøbelastande enn meir spesialisert produksjon. Omdømmet vårt og legitimiteten til det vi held på med er knytt til korleis vi greier å møte dei nye miljøkrava framtida vil stille oss.


Målet for forskningsprosjektet "Foods of Norway», er å bli meir sjølvforsynte med proteinfor til husdyra våre, laksen medrekna. På storsamlinga i Stjørdal, Levande Landbruk, fekk vi ei kort innføring i det spanande forskningsarbeidet som er starta opp.

Forskarane har ved hjelp av nye enzymer og gjærceller allereie godt i gang med å utvikle nye metodar for proteinproduksjon med biomasse frå skog og sjø som utgangspunkt. Det vil ta tid før teknologien og metodane er klare for kommersiell utnytting, men det er allereie kome spanande resultat frå forsøka. Dei syner at gjæra dei produserer i reaktorane inneheld proteinar som egnar seg til for og som i tillegg ser ut til å ha gunstig effekt på tarmhelsa. I prosjektet inngår det også arbeid for å forske på genetiske faktorar som er med å påvirke fôreffektivitet hjå kua og dei andre husdyra.

Det er med andre ord mykje spanande på gong, som både kan vere med å auke konkurransekrafta og styrke legitimiteten til norsk mjølkeproduksjon i framtida. Dette nye gjer ikkje kua overflødig, tvert imot. Kua vil fortsette å vere helten i historia som gjer det mogleg å lage god mat av biomasse som er uegna til menneskemat.

 

Birgit Oline Kjerstad

Rådsmedlem og medlem av eierutvalget i Midt.

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås