Meny

TINE, Mjølkeprodusenten sin viktigaste reiskap!

Ingunn Sognnes
Ingunn Sognnes

TINE har gjort opp status, og levert årsrapport for 2012. Framlegget frå styret til årsmøtet er å disponere resultatet med 57 % til etterbetaling og 43 % til eigenkapital. Det betyr 26 øre /l, eller kr.36.000 til gjennomsnittsleverandøren i etterbetaling.

TINE er mjølkeprodusenten sin viktigaste reiskap. Kvifor? Jau, som enkeltleverandørar av ei råvare ville vi stått svakt, men saman er vi sterke.  Markedsmakt er stikkordet, og alle er ute etter det same: Vinne forbrukarane sin gunst, og sitje att med mest mogeleg marginar sjølve.

TINE foredlar råvara vår, og skapar på den måten ein meirverdi for eigarane. Men for å utvikle TINE trengst kapital, slik at selskapet er robust og toler endringar ogso i framtida. Styret har sett som mål minst 40 % eigenkapital, det er vi heilt nedpå i 2012. 

Vår tradisjon er å fornye oss, stod det utanpå årsmeldinga for 2011. I år feirar vi 150-års-jubileet for brunosten, ein skikkeleg tradisjonsberar. Ostane er i mange variantar, mjølka likeså, og vi sel matlagingsprodukt som aldri før. Kvart år blir det lansert mange nye produkt, nokre slår gjennom over tid, men mange forsvinn. Det å tilby handelen nye produkt er utruleg viktig, og heilt nødvendig om vi skal vere ein attraktiv leverandør.

Fornying gjeld heile verdikjeda: hjå mjølkebonden, i industrien, ut mot markedet. Mjølkebonden har siste året gjort ein kjempeinnsats, og ikkje berre levert volum som trengst, men og til ein fantastisk god kvalitet. Kanskje verdas finaste mjølk snart kan bli verdas beste,- om den ikkje er det alt då?

Langsiktig satsing, vilje til utvikling av industrien gjennom avsetning av kapital og eigarskap i samvirke er styrken vår. Vi eig ei heil verdikjede, sviktar det i eit ledd, angår det oss alle. Difor er det viktig at vi framleis tek eigarskapet vårt i TINE alvorleg, og utviklar strategiar som medfører at vi når måla våre:

- Gje eigarane best mogeleg mjølkepris og ei verksemd med kraft til å gjere det i framtida
- Vere ein attraktiv arbeidsgjevar
- Gje kundar og forbrukarar verdi for pengane
- Gje samfunnet ei verksemd som skaper berekraftig næringsmiddelproduksjon

 For å lukkast, må vi nå alle desse måla.

Ingunn Sognnes, nestleiar i konsernstyret

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås