Meny

Tid for nye alliansar

Vi er no (vèl?) etablert med ny regjering, som, uansett håp om noko anna, vil innebere ny politikk, med konsekvensar også for oss i den landbruksbaserte matkjeden. Dette trass i allverdens politisk korrekte uttalelsar om at; «vi skal møte dei med dialog» og «gje dei ein sjanse».

For etter konstitueringa av H/FRP-regjeringa, og etter at det blei kjent at Sylvi Listhaug blei landbruksminister, har det vore møte med eit utal delegasjonar, også frå vår næring, og ho har sjølv vore på eit utal av bedriftsbesøk. Og ho har lytta, ho har synt velvilje, og ho har tatt i mot tydelege signal. Men har det endra noko i høve til det som regjeringa har lagt til grunn i si plattform ?
Siste signal i høve til ostetoll og grensevern tyder ikkje på det. Trass i eintydige signal mellom anna frå ein tung allianse av landbruksbaserte næringsmiddelaktørar, har regjeringa no signalisert klart ovanfor EU sine sutrekoppar, at ostetollen skal reverserast.

Så sjølv om dei i si regjeringsplattform klårt seier at dei vil auke norsk, landbruksbasert, matproduksjon, så seier dei med dette rett ut at dei vil ha meir import…For det er dèt det handlar om. Mindre ostetoll og importvern omsett til realitetane sitt språk, er meir import og sterkare konkurranse frå utanlandske aktørar. Med derpåfølgande press på distriktspolitiske målsettingar i norsk matproduksjon. Og så må ein gjerne søke oppslutning med å bruke fine formuleringar om landbruk og auka landbruksbasert matproduksjon i heile landet ! Uavhengig av regjering så er det framleis vått, smått, bratt og kaldt i dette landet.

Og det gjer det ikkje betre at tunge aktørar innafor finansakademia støttar opp under dette. Professor Viktor D. Norman stod i si tid som statsråd for ei prisverdig utflagging av statlege arbeidsplassar frå Oslo til distrikta.  No kallar han grensevernet for; »en dårlig, unødig kostbar og usosial måte å støtte norske bønder på(DN 04.11)»Han påpeikar at andre støtteordningar, mellom andre arealstøtte vil gje same effekt til ein lågare pris. Ja kanskje for bonden, men det ville truleg bli veldig lite norskprodusert mat og mattryggleik, og veldig lite landbruksbasert matindustri, av ei slik omlegging av støtta.

 Svein Førde, medlem av konsernstyret i TINE

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås