Meny

«Samvirke»

Saman er vi sterkast. Kva er vi då kvar for oss? Eg har gått og grubla litt på denne setninga. Me opplever stadig at norsk landbruk og at landbrukssamvirke som organisasjonsform, er under press.

I diskusjonar med kollegaer og andre opplever eg til tider at ein tek det heilt for gitt at norsk landbruk er der det har kome i dag. Og at dette ikkje heng saman med alle dei grepa og forbetringane me har klart å gjere opp igjennom tida. Desse grepa er det jo i stor grad samvirka våre som har stått i spissen for.

I desse diskusjonane synes eg og at ein del av grunntanken om kva eit samvirke er og korleis ting  heng i saman er til dels fråverande. Ein møter ofte påstandar som «DE i Tine», at Tine er styrt av administrasjonen, det har blitt så lang avstand, blårussen har teke over, og samvirka våre er ikkje til for oss bønder lenger.

Etter kvart som desse påstandane kjem tenkjer eg, har me heilt gløymt kvifor me starta desse samvirka våre i si tid? Er det ikkje slik at i eit samvirke så er det faktisk me eigarane som styrer? Gjennom eit eigardemokrati som ender opp i eit styre, som må ta dei viktige avgjerslene. Og det er jo slik i eit demokrati at alle har rett til å seie kva dei meiner og bli høyrde, men ikkje alle kan få viljen sin. Samvirka våre blei nettopp oppretta fordi ein såg at ein kunne bli betre og sterkare saman. Då slapp ein å konkurrera kvar for seg og mot kvarandre. Og ein fekk ei større makt til å få rett pris for varene.

Tine er i dag eit stort forretningskonsern(kommersiell aktør) eigd av mjølkebonden som vel å levere mjølka si til Tine. I formålsparagrafen til Tine står det:
TINE skal arbeida for at eigarane skal få best mogleg økonomisk resultat av sin mjølkeproduksjon, og i tillegg ivareta eigarane sine øvrige, felles interesser.

Eg tenkjer at dette er samvirke i praksis. Me må driva forretningskonsernet vårt best mogleg slik at me kan få ein best mogleg mjølkepris nå og i framtida. Eit aksjeselskap vil sjå på mjølk som ei råvare som dei i utgangspunktet ønskjer å betala minst mogleg for. Og i det så blir det ein vesentleg forskjell der samvirke ønskjer og har formål om å betala mest mogleg for råvara. Det er og slik at gjennom samvirke så følger du/eig du heile verdikjeda frå råvare til produktutvikling, produksjon, i forhandling med kunde, og i stor grad heilt ut til kunde.

Skal me lukkast så trur eg det er avgjerande at me som mjølkeprodusentar engasjerer oss i Tine, får eigarskap til Tine. For det er ein gong slik at får du eigarskap til noko, så brenn du litt ekstra for det. På årsmøtet i Tine nå i vår var fleire oppe på talarstolen, der dei sa: KVA KAN ME GJERE FOR TINE? Eg trur nettopp dette vil vera avgjerande framover. Korleis kan me som eigarar av Tine bidra til å gjere Tine enda betre? Dette handlar ikkje om at Tine er til for oss. Men me må vera med å bidra og setje oss inn i utfordringane konsernet vårt står i.

Me i Eigarutvalet Sørvest ønskjer å setje fokus på dette med viktigheita av samvirke, og det å vera ein aktiv eigar av Tine. Me skal ha fordjuping og kompetanseheving på området. Dette ynskjer me å formidle vidare til arbeidsutval og andre som måtte ønskje det. Og målet er at me alle skal verta overtydde om at  SAMAN ER ME STERKAST.

Kom gjerne med tilbakemelding på det som er skrevet her. Kanskje spesielt på korleis du som eigar/mjølkeprodusent trur me kan bidra med for å gjere Tine enda betre.

Helsing Asgeir Pollestad                                                                                                                                 Eigarutvalet Sørvest/ Rådet og 1.Vara til styret Tine SA

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit mai

Kr 5,18

Snitt fettprosent kumelk mai

4,40%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1430 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås