Meny

Omdømme – palmeolje, kyr, kraftfôr og TINE

Cecilie Bjørlo
Cecilie Bjørlo

«Norske melkekyr fôres med palmeolje» og «Palmeolje sikrer smør på skiva», er to døme på fleire innlegg som har prega nyheitsbildet dei siste vekene. SV sin stortingsrepresentant, Karin Andersen, meiner at det er eit tillitsbrot frå TINE at mjølka kjem frå kyr som har spist kraftfôr basert på palmeolje. Andersen seier vidare: «Dette er importert fôr, og den melka som vi tenker er norsk er jo ikke det.» Ho er ikkje den einaste som har ytra denne type tankar dei siste vekene. Det er utan tvil ei uheldig sak for både TINE, for mjølkeprodusenten, ja for heile landbruket. Det handlar om omdømmet vårt.

Det er ikkje noko nytt at det blir brukt palmitinsyre (som er utvunne av palmeolje) i kraftfôr. Det som er nytt er at omfanget av palmeolje har auka enormt dei siste åra – på bekostning av regnskogane. Bruken av palmeolje er ikkje berekraftig, og i eit globalt perspektiv er dette uheldig. Set ein dette saman med TINE sitt mål om å fjerna palmeolje frå alle sine produkt, og ein svært miljøbevisst forbrukar, er «palmeolje-saka» uheldig. I lys av at norsk landbruk ønskjer å framheve norsk matproduksjon som trygg, kortreist og berekraftig – ja då må vi innsjå at vi kanskje har vi gitt oss sjølve ei omdømmeutfordring. Så kva er eigentleg omdømme, og kvifor er det så viktig?   

Omdømme handlar om oppfatninga omverda har av ein aktør over tid. Dette kan ha opphav i eigne opplevingar, korleis aktøren kommuniserer med omgjevnadane, kva media og andre seier. Omdømme oppstår i skjeringspunktet mellom forventningar og opplevingar som blir skapt av aktøren sine løfte og leveringsevne. Det er altså ikkje berre kva som blir levert (opplevinga) som avgjer omdømmet, men kanskje snarare kva som blir levert i forhold til kva som blei lova (forventningane).

Omdømme er viktig fordi vi, som mjølkeprodusentar og eigarar av TINE, er avhengig av at forbrukar kjøper TINE-produkt. Så enkelt, men likevel så vanskeleg. Med ein stadig meir bevisst forbrukar er det viktig at mjølkeprodusenten og TINE leverer på det vi har lova – nemleg ei mjølk produsert på norske naturressursar. Eg er sikker på at vi saman klarer å forvalte omdømmet vårt, og at vi tar dei rette vala for å sikre ein berekraftig mjølkeproduksjon i heile landet, basert på norske naturressursar. 

Cecilie Bjørlo,
medlem av konsernstyret og regionstyreleiar i Vest

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit juni

Kr 5,24

Snitt fettprosent kumelk juni

4,37%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås