Meny

Nytt høvet til å påverke framtida!

Askild Eggebø
Askild Eggebø

Saka om nye vedtekter vert i desse dager sendt ut til høyring i produsentlaga og dette vert ei viktig sak denne hausten. Eg håpar at de alle set dykk inn i saka og nyttar høvet til å påverke det som skal skje vidare. Nå ventar ei grundig handsaming i organisasjonen. Det er årsmøtet i TINE i slutten på april 2015 som gjer endeleg vedtak.

Forslaget frå vedtektskomiteen er eit resultat av det oppdraget som konsernstyret gav etter drøftingar i eigarorganisasjonen siste året og konsernstyret meiner vedtektskomiteen har svart på oppdraget. Det er god informasjon om dette i høyringsnotatet. Nå er spørsmålet korleis vi skal utforme organisasjonen ut frå dei premissene som er sette? Korleis skal vi leggje til rette for aktivitet i eigarorganisasjonen, ressursbruk o.s.v.? Konsernstyret ønskjer å høyre kva eigarane meiner.

 Forslaget frå vedtektskomiteen vart levert til Konsernstyret 5. september.

Dagens eigarorganisasjon begynner å bli ein del år nå. Den stammar frå før konserndanninga. Mykje har endra seg innan forretningsdrifta i TINE. Regionane innan meieridrifta er blitt borte. Nå er meieria inndelt etter funksjonsområde og ikkje etter geografi. Talet på produsentar er halvert sidan vi sist endra eigarorganisasjonen. Endringar er nødvendig for å tilpasse oss ei utvikling, men også for aktivt å påverke og styre utviklinga vidare.

 Mjølkeprisen stadig viktigare
Mjølkeproduksjonsbruka er blitt færre og større. Mjølkeprisen vert stadig viktigare. Denne utviklinga trur me vil halde fram. Det er svært viktig å ha ein oppegåande eigarorganisasjon. Eg har sjølv erfart at det nyttar å påverke drift og leiing, men det krev engasjement. Difor er me heilt avhengig av engasjerte eigarar framover, på alle nivå i organisasjonen. Eigarane må vera bevisste si eigar-rolle. Som tillitsvald har eg erfart at det ofte er større engasjement i småsaker og mindre i større saker så som vedtekter, strategi og organisasjon. Der eigarstyringa bør skje er nettopp innan vedtekter, strategi og organisasjon o.l. og difor vil eg nå oppfordre dykk til å nytte høvet til å påverke.

 Kor mykje ressursar skal vi bruke på eigarorganisasjonen?
Dette er eit viktig spørsmål. Det er viktig med ein oppegåande eigarorganisasjon, men kor mykje ressursar skal vi bruke, både pengar og tid? Kva skal vi proritere? Skal vi til dømes prioritere aktiviteten endå sterkare i produsentlaga, og mindre i dei foreslåtte eigarutvala? Nå er det tid for å seie dykkar meining og påverke. Det same gjeld korleis vi vil at eigarorganisasjonen skal sjå ut i framtida innanfor dei rammene som er sette.

 På medlemssidene kan du lese heile rapporten frå vedtektskomiteen, men her tek vi med nokre smakebitar frå forslaget:

  • Dei fem regionane vert erstatta av eigarområde. Det er foreslått seks eigarområde, inndelt etter fylke, men med minst muleg ulikskap i tal medlemmer per eigarområde. Det er Konsernstyret som fastsetter tal eigarområde og grenser for desse.
  • Kvart eigarområde har eit eigarutval samansett av fire rådsmedlemmer frå området og inntil to konsernstyremedlemmer. Eigarutvala skal vera bindeledd mellom konsernstyret og produsentlaga.
  • Regionmøta opphøyrer.
  • Rådet består av fire eigarvalde frå kvart eigarområde, samt tilsettvalde i henhold til eigen avtale.
  • Sentral valkomite fremmer forslag på alle verv som skal veljast av årsmøtet, inklusiv rådsmedlemmer og medlemmer av sentral valgkomite
  • Regional valgkomite opphører.
  • Kvart eigarområde har minst eitt medlem i sentral valgkomite.

 Til slutt vil eg oppfordre alle om å engasjere dykk!
God høyring!

 Askild Eggebø
Styremedlem i Konsernstyret og styreleiar i Region Sør

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås