Meny

Ny regjering, kva no?

Både tillitsvalde frå eigarane og dei tilsette har gjort eit viktig arbeid i valkampen. Tilsette i administrasjonen og ute på anlegga har også bidratt. Vi har fått snakka med mange politikarar og mange relasjonar er etablert. Vi snakka om kva TINE er og kva rammevilkår som er viktig for vår verksemd. Vi dreiv ikkje med partipolitikk, men la vekt på å snakke med alle parti som ønskja å besøkje oss.

 Vi har fått ei blå-blå regjering. Det vert spennande å sjå kva retning dette vil gje framover. Så langt veit vi ikkje så mykje konkret utover det som står i regjeringsplattforma. Nå gjeld det å byggje vidare på dei relasjonane som er etablert og fortsetja arbeidet.
Vi må halda fram med å fortelje om landbruket, mjølkeprodusentane, TINE og  om dei rammevilkåra som er viktige for oss. Behovet for informasjon er fortsatt stort og vi må peike på konsekvensane av politiske vedtak knytt til landbruk og industri framover. Matproduksjon er det viktigaste, men vi må og løfta fram andre viktige område som til dømes kulturlandskap og reiseliv.
Både mjølkeprodusentane og industrien vår bidreg godt i samfunnet rundt oss, i heile landet. Gjennom eit desentralisert landbruk bidreg vi til fortsatt busetjing i distrikta. Landbruksmeldinga er vedtatt, vi har fått eit oppdrag av samfunnet rundt oss. Vi bør også søkje kontakt og samarbeid med andre som er avhengige av oss, som til dømes reiselivsnæringa.
Nå gjeld det å stå på vidare i dette viktige arbeidet. Vi må utnytte det handlingsrommet som fins i det politiske miljøet. Vi ønskjer kvarandre lykke til!

 Askild Eggebø, medlem av konsernstyret

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås