Meny

Musikk-kvalitet

Norvald Dalsbø sit i TINEs konsernstyre.
Norvald Dalsbø sit i TINEs konsernstyre.

Før jul var eg på ein fin julemiddag med eit svært fint og hyggeleg musikkinnslag. Tre flinke jenter saman med ein gut på piano, song kjende og mindre kjende julesongar frå inn- og utland. Fantastisk fint og stemningsfullt i fine lokale og med god mat og blant gode vener.

Det var likevel eit forstyrrande element i idyllen. I nabosalen på hotellet hadde eit anna selskap også julemiddag med musikalsk underhaldning.  Dette var ein heilt annan type musikk , og med eit heilt anna lydnivå. Og sjølv om hotellet var gamalt og ærverdig, og veggane tjukke og dørene solide, så var dei ikkje solide nok til å halde den massive disko-støyen ute.

Tenk deg situasjonen for dei som skulle synge firstemt med tette og fine klangar! Vi som har prøvd oss litt med korsong veit kor krevjande det kan vere sjølv om alle rundt syng same songen.  Med andre tonar og rytmar durande i bakgrunnen skal ein vere både musikalsk og konsentrert for å greie å halde tonen.  Når gruppa «vår» likevel leverte eit framifrå innslag med klokkeklar og samstemt framføring, vitnar det om stor musikalitet.  Eg, og fleire med meg, var retteleg imponert!

Eg er også imponert – og stolt – over TINE si topp-plassering i omdøme-målinga til IPSOS MMI i 2014.  Eg trur ikkje det er mogleg å oppnå ei slik plassering utan at TINE-folket, tilsette og eigarar, framstår som samstemte.  Denne forma for musikalitet er viktig for eit kvart føretak – når folk likar oss, kjøper dei gjerne varene våre.  Difor bør vi tenke over korleis vi ordlegg oss om verksemda vår, særleg i (sosiale) media. Det er riktig og viktig å engasjere seg, og det skal vere mange, og ulike, stemmer i TINE-songen.  Men for å nå ut til «publikum» er det avgjerande at desse stemmene kling i lag. 

Fleire aktørar i samfunn og marknad framfører tonar som kling dårleg saman med våre.  I TINE brukar vi store ressursar for å framstå med klare og tydelege profilar mot forbrukarane med mål om å verte godt likt. For at vår melodi skal høyrast, må vi som høyrer til TINE-koret vere medvitne om at vi, trass ulike synspunkt og stemmer, syng den same songen.  Her har vi, både eigarar og tilsette på alle nivå,  eit stort ansvar.  Så syng med – og tenk på at stemma di skal klinge saman med dei andre!

Norvald Dalsbø,
konsernstyremedlem

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås