Meny

Mot lysare tider. Eller?

Norvald Dalsbø
Norvald Dalsbø

Etter ein lang og kald vinter går vi mot sommar og lysare tider. Eit sikkert vårteikn er jordbruksoppgjeret der samfunn og styresmakter får anledning til å vise kor stor pris dei set på innsatsen vi gjer for matforsyning, jord i hevd, og alle andre spinn-off-effektar frå næringa vår. Eller ikkje.

Eg trur at vi i åra som kjem vil få testa samhaldet blant melkebøndene i Norge på eit nivå vi knapt har sett maken til tidlegare. Signala frå regjeringshald om meir til dei største og ditto kutt for dei mindre, vil setje stor mot liten og sentrale strok mot distrikt.  Og dersom politikken om å svekke samvirke vert gjennomført, vil fleire få eit val om nokre øre meir ved å velje vekk TINE som varemottakar.
Men eg er overtydd om at nokre øre meir på kort sikt vil bety færre kroner på sikt.  Det er berre eit samvirkeføretak som har maksimal pris til leverandørane som mål. Men evna til å utvikle pris heng også saman med volum,  kostnad med å skaffe volum og andel av totalvolumet.  Dersom det skulle bli slik at TINE sit att med dei minste gardane spreidd utover i tillegg til ein betydeleg lågare del av totalvolumet, så vil prisutviklinga for bonden  verte deretter. 

 Men du som tek deg tid til å lese dette er mest truleg einig med meg. Sånn sett når ikkje denne korte artikkelen fram dit han burde: Til dei som ikkje ser verdien av å stå saman som råvare-leverandørar i eige selskap.  Men her kjem så mi oppfordring:  Vi kan alle gjere ein innsats for å bygge forståelse blant kollegaer for at vi treng ein differensiert råvare-produksjon på melk, også for vår eigen del.  Dersom dei som meiner seg store ser verdien i dei små, mellom anna som verneskog for seg sjølve, og dei små ser verdien i dei store, mellom anna som føregangsbruk, då vert vi ikkje så lette å ta med splitt- og hersketeknikk.
Lukke til med vårvinna, eller resten av vårvinna for dokke som snart er ferdige!

 Norvald Dalsbø,
styremedlem i TINE SA

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås