Meny

Kva skjer med båsfjøsa i 2024?

Per-Magnar Sognnes er mjølkebonde i Hyllestad.
Per-Magnar Sognnes er mjølkebonde i Hyllestad.

Datoen 1.januar 2024 likar eg ikkje. Saman med kona Mylin driv eg gard på Hatlem i Hyllestad kommune i Ytre Sogn. Økonomi, dyrevelferd og det å ha ein triveleg arbeidsplass er det viktigaste for oss i den daglege drifta. Eg synest det er heilt i orden at ein stiller krav om lausdrift ved nybygg, men kvifor kan ikkje dagens båsfjøs brukast til dei er utslitne?

På garden har vi 22 årskyr med påsett og mjølkekvote på 172 tonn. I tillegg produserer vi ca. 15 gourmetkalvar per år. Driftsbygningen er frå 1979, men vart oppgradert for ein million kroner i 2004. Då investerte vi i nytt mjølkeanlegg, nytt tak, ny kledning, appetittfôringsvogn og  renovering av ungdyravdelinga.  Samstundes vart mjølkekvoten dobla. «I 2007 sa ein takstmann at driftsbygningen bør halde minst til 2024 utan påkosting utover normalt vedlikehald.

No går det ikkje å planlegge lenger enn til den mykje omtala datoen. Då kan eg førtidspensjonere meg, om ikkje ordninga vert endra før den tid. Med dagens regelverk blir det slutt på mjølkeproduksjonen her på garden. Elles kunne eg tenkt meg å halde fram så lenge eg har lyst, eller til nokon av borna vil overta. Det siste er ikkje avklart.

Kapasiteten i dagens fjøs er sprengd. Vi fekk hjelp av ein TINE- rettleiar til å rekne på økonomien ved å byggje nytt kufjøs med robot og dobling av dagens mjølkekvote.
Meir enn heile inntektsauken vil gå med til å betale på bygningen dei neste 20 åra. Det vil seie at eg sit att med mindre inntekt og mykje meir arbeid. Eg har henta det som er å hente på kostnadssida med dagens drift. Heller ikkje på privatforbruket er det meir å gå på. Privatforbruket har vore lågt i alle dei 25 åra eg har drive. Egkan ikkje tenkje meg å gå ned i forbruk eller ha jobb utafor garden i tillegg for å greie investeringar.

I tillegg til fjøset, kjem fornying av maskinparken for å få kapasitet til å drifte eit vesentleg større areal. Vi er opptekne av at finansieringsordningane må bli betre for å klare å oppfylle lausdriftskravet.

Eg har enno ikkje betalt ned oppgraderinga eg gjorde for 10 år sidan, og med ein million i tilskott til nybygget og resten som lån, går ikkje reknestykket mitt opp. I Hyllestad er det 15 som driv med mjølk, men ingen lausdrifter. I Sogn og Fjordane er det 930 bruk med mjølk, men berre om lag ein tredel av  mjølka blir produsert i lausdrift.»

Eg meiner båsdrift ikkje medfører så store ulemper for dyra at det er nødvendig å forby det. Dyra trivst på båsen. Når eg slepper dei ut om våren, går det ikkje lenge før dei vil inn att. Dessutan er ikkje lausdrift problemfritt heller. Her er det nok å nemne problem med bein, klauver og mobbing. Sjølv har eg aldri hatt kyr med klauvproblem.

Eg likar ikkje det TINE seier at dei driv butikk og faglaga politikk. Problemet er at faglaga skal ivareta interessene til alle bønder uansett produksjon, og dermed må dei prioritere blant mange gode føremål. Difor må TINE jobbe meir politisk mot avtalepartane for å få på plass dei investeringsverkemidla som trengst i mjølkeproduksjonen, i tillegg til å få ei meir fleksibel avvikling av båsfjøsa.

Eg har sjekka med Mattilsynet om å få utsett fristen til 2034 på grunnlag av dei investeringane eg gjorde i første halvår 2004. Men dei meiner dette berre gjeld dei som bygde heilt nye båsfjøs i perioden 1995 til 22.april 2004.

For meg blir det for dyrt å byggje for kyr med dagens finansieringsordningar. Alternativet er kjøtproduksjon eller sau. Dessutan er det lett å få arbeid utanom bruket i Hyllestad. I så fall vert det ikkje dyr på garden. Å drive som hobbybonde blir for tøft. Mi erfaring er at landbruk høver dårleg som venstrehandsarbeid, det bør vere fulltidsjobb.  Eg skal ha eit liv òg, ikkje berre jobb».

Per-Magnar Sognnes,
mjølkeprodusent, Hyllestad

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås