Meny

Kort avstand til leiinga

Askild Eggebø, Medlem av konsernstyret og regionstyreleiar i Sør.
Askild Eggebø, Medlem av konsernstyret og regionstyreleiar i Sør.

Dei seinare åra er det gjennomført fleire omstillingar i TINE, no sist endring i forretningsorganisasjonen med danning av funksjonsområder.

På eigarsida vert organiseringa med fem regionar vidareført. I samband med slike endringar, høyrer ein ofte resignerte sukk frå eigarane om at no er alt vorte så stort og sentralisert at det nyttar ikkje lenger å nå fram med spørsmål og synspunkt.

Det er noko me som tillitsvalte sjølvsagt må ta på alvor. Men slik eg opplever det har aldri avstanden vore så kort som no. Det er verkeleg mange muligheiter og treffpunkt der eigarane kan møte både den valde og den administrative leiinga i TINE.

Då er spørsmålet om de som eigarar nyttar høvet?

Dei seinare åra har me jobba mykje med å laga til gode treffpunkt med tanke på å få til ein god kontakt med alle eigarane. Dette er viktig for at eigarane skal kjenna seg høyrde, men ikkje minst er det viktig for oss som er tillitsvalte. Me er heilt avhengig av å få signaler om kva som rører seg på grasrota for at me skal vera i stand til å leia og styra selskapet på ein god måte.

I region Sør har me i tillegg til distriktsvise samlingar der arbeidsutvala i produsentlaga møtest, dei siste åra hatt opne møter der eigerane møter konsernstyremedlemmer og administrativ leiing. Dette gir alle muligheiter til å koma med innspel og ytringar i direkte dialog og tilbakemeldingar. Oppmøtet på desse møta har vore gode, og folk set pris på den direkte kontakten.

Arbeidet i produsentlaga vert viktigare og viktigare. Etter som strukturen i mjølkeproduksjonen endrast, vert avstanden større mellom bøndene, og det er viktig å ta vare på og betre produsentmiljøet som er. Her har produsentlaget ei viktig rolle, men me produsentar har også eit ansvar. Me kan vere med i erfaringsgrupper der produsentane har like interesser eller utfordringar. Fagleg- og sosiale samlingar er og ein god måte å bygga godt miljø. Me vert påverka av dei me omgås.

Tida går no raskt fram mot til årssamlingane i produsentlaga, der både tillitsvalte og administrasjonen deltek. Eg vil oppmoda alle om å møta fram, og bruka eigarinnflytinga som me har i TINE.

Askild Eggebø,

Medlem av konsernstyret og regionstyreleiar i Sør

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit juni

Kr 5,24

Snitt fettprosent kumelk juni

4,37%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås