Meny

Klima

Vi skriv oktober og får tru dei fleste har avlingane i hus. For mange av oss har kaldt, og/eller vått, og/eller turt ver gjort at vi går vinteren i møte med ein vanskelegare for-situasjon enn vi likar.

Eg for min del  vart aldri ferdig med våronna, slik at mykje faktisk er utsett til neste år. I håp om betre ver og eit gunstigare klima, ikkje verre, slik som mange spår. Klimaet, om det endrar seg eller ikkje, er ein basis-føresetnad for drifta vår; på godt og vondt. Men det er lite vi kan gjere med det, på kort sikt i alle fall, anna enn å stå saman og hjelpe kvarandre.

Og så er stortingsvalet over. Fleire har skrive om dette i denne spalta, og spenninga er stor i våre kretsar med tanke på kva politisk klima vi får framover. Mykje tyder så langt på at blå-fargen ber bod om eit kaldare landbruks-politisk klima, men kor mykje kaldare, og for kven? Kjem samvirke under press? Kjem TINE som organisasjon og føretak under press, og kva for press? Spørsmåla er mange og svarmuligheitene endå fleire. Men om vi trur at det vert eit kaldare politisk klima, er det viktig å forberede og engasjere seg. I alle fall:  Når det er kaldt, er det lurt å halde flokken tett saman. Som dei seier: Om ein ikkje vil bli hengt ein for ein, må ein henge i hop …

De som les dette innlegget har nok også fått med dokke at konsernstyret har starta ein prosess der vi vil sjå på struktur og organisering på eigarsida i TINE.  Denne prosessen er tenkt å vere grundig med diskusjonar på ulike nivå blant eigarane, før han eventuelt munnar ut i ein vedtekt-komité som skal legge fram forslag til årsmøtet 2015.  Her kan vi i alle fall vere med å bestemme kva slag klima vi som tillitsvalde og eigarar legg opp til med tanke på muligheiter for gjennomslag og påvirkning. Og der det er mulig å arbeide for eit godt klima, bør ein absolutt gjere det.

Norvald Dalsbø, medlem av konsernstyret i TINE

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit juni

Kr 5,24

Snitt fettprosent kumelk juni

4,37%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås