Meny

Geita – nokre tankar om framtida

I september lanserte TINE ein ny «Fast kvit geitost». Gratulerer til geitebønder, eldsjeler på meierianlegg, rådgjevarar og TINE FoU med ein svært god geitost! Osten blir produsert i Ørsta og på Storsteinnes, og den er selt inn til tre av kjedene.

I august hadde eg gleda av å delta på Geitedagane 2014 på Skei i Jølster, med eit interessant program som femna  om avl, fôring, jurhelse, produktutvikling, sal og marknad.  Her var det mange dyktige og engasjerte, men også utålmodige geitebønder. Etter å ha gjennomførte eit omfattande arbeid med å betre helsa til geita og mjølkekvaliteten, ligg det forventningar om fleire geiteprodukt og større tilgang til kjøledisken hos kjedene. Eg forstår at geitebøndene er utålmodige. Likevel, å byggje omdømmet til geita og geiteprodukta er ikkje gjort i ei handvending. Omdømmebygging er eit omstendeleg og langsiktig arbeid.

Harsk og beisk mjølk er historie. Næringa såg at det var nødvendig å gjere endringar gjennom forsking, avl og fôring. Ein fantastisk innsats frå rådgjevarar og geitebønder har gitt ei mjølk med god kvalitet som igjen gir næringsmiddelindustrien muligheiter til å lage nye og spennande produkt, som geitesmør og geiterømme. Dessutan, geitprodukt som ein tidlegare måtte blande kumjølk i for å få ein rundare smak, som til dømes Balsfjordost, er kun ysta på geitemjølk.

I lengre tid har TINE jobba med å få brukt all geitemjølka. Det har vore ei utfordring. Å komme inn i butikkhyllene er ein krevjande øving. Det er trongt om plassen i kjølehyllene og det er mange som vil inn, både med norskprodusert og importvarer. Når kjedene no i større grad ønskjer å satse på eigne merkevarer (EMV), blir kampen om plassen i kjøledisken enno større.

Kva med framtida til geiteprodukta? Geitebøndene og rådgjevarane saman med forskingsmiljøa må fortsette arbeidet på helse og fôring. Vidare er vi avhengig av at forbrukar vel geiteprodukt blant det mangfaldet av meieriprodukt som ein finn i dagligvarebutikkane. Det handlar om omdømmebygging, samtidig må forbrukar få kunnskap om og kjennskap til dei fantastiske geiteprodukta. Nordmenn har endra matvanane sine dei siste åra. Det er mykje «mat i farta», og nokre av brødmåltida er delvis borte – som kveldsmaten. Når brødet forsvinn ut av måltidet, får det konsekvensar for bruken av ost. Kan vi finne andre måtar å bruke geiteprodukta på?

Eg tenkjer at geita blir viktig for TINE framover. Ho er med på å syne breidda og mangfaldet i TINE – både i form av produkt som vi kan tilby forbrukaren, men også ved å syne at samvirket TINE gjer det mulig å leve av å produsere geitemjølk i krikar og kroker i vårt langstrakte land.

Cecilie Bjørlo
Konsernstyremedlem TINE SA, styreleiar Region Vest

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit juni

Kr 5,24

Snitt fettprosent kumelk juni

4,37%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås