Meny

Folkeopplysning om TINE

Cecilie Bjørlo
Cecilie Bjørlo

Eigartillitsvalte har brukt delar av sommaren til møte med stortingskandidatar på meierianlegga våre. Etter nokre politikarmøte er erfaringa at kandidatane har manglande kunnskap om samvirke generelt, og TINE og mjølkeproduksjon spesielt. Dette er «kvardagspolitikaren», og han er truleg ikkje åleine om å mangle kunnskap om vår næring og vårt selskap dessverre.

 I eit møte med ein stortingskandidat kom følgjande fram: Monopolselskap som TINE bør bli delt opp i mindre einingar. Dette vil gje bøndene større valfridom og påverknad på eigen produksjon. Har TINE gjort ein for dårleg jobb i å informere/bygge kunnskap når «folk flest» ikkje veit at det er mjølkebøndene sjølve som eig og styrer TINE?

Det er spesielt å møte politikarar som for ein kvar pris vil «knekke» TINE, og omtalar oss som «monopolist» og «meierigigant». Desse haldningane til TINE er ofte fundert på manglande og til dels feilaktig kunnskap. Når stortingskandidatar og «mannen i gata» ikkje veit at TINE er eit bondeeigd selskap – då har ikkje TINE gjort ein god nok jobb i å drive «folkeopplysning» om selskapet.

Satsinga på REGIONAL MELK knyt produktet tettare opp til mjølkebonden. Det tenkjer eg berre er ein begynnelse. Dette bør vi også gjere med andre produkt. Det kan vere eit konkurransefortrinn for oss. Kunnskap om den norske mjølkebonden og TINE-eigaren kan skape nærleik, forståing og tillit, som igjen kan byggje og styrke lojaliteten til TINE-produkta.

Eg tenker det blir viktig for TINE å synleggjere mjølkeprodusenten og TINE-eigaren i mykje større grad enn det som har vore tilfelle. Det kan påverke haldningane til TINE. Undersøkingar har vist at «mannen i gata» har stor forståing for bonden, og ønskjer å oppretthalde norsk landbruk. Det må TINE bruke i enno større grad i sitt møte med opinionen.

TINE har utvilsamt ein «folkeopplysningsjobb» å gjere framover!

Cecilie Bjørlo, styremedlem i TINA SA

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås