Meny

Fine folk……..

Svein Førde er tillitsvald i NNN og sit i konsernstyret i TINE SA.
Svein Førde er tillitsvald i NNN og sit i konsernstyret i TINE SA.

Gjennom min posisjon som styremedlem i TINE, har eg dei seinare åra hatt den ære og det privilegium å sitte til bords med Norges beste (kanskje verdens beste) mjølkeprodusentar på den årlege sølvtinemiddagen.

Denne hendinga har etter kvart blitt ein institusjon i kvalitetsarbeidet i norsk mjølkeproduksjon, og er ei stor og minnerik oppleving for dei som får vere med, både som sølvtinemottakarar og vertskap. For dei uinvidde er det altså slik at du må ha levert feilfri mjølk (elitemjølk) i 15 år samanhengande for å kunne motta ei slik ærerik utmerking.

Gjennom åra har eg hatt ulike sølvtinemottakarar som borddamer og menn, og det er ei like stor og god oppleving kvar gong. Du møter folk i sin finaste stas, og får etter kvart god kunnskap om bunadstradisjonane i ulike delar av landet. Du møter folk som tydeleg er stolte over det dei har oppnådd, og som ventar i respektfull spenning på at deira namn skal bli oppropt, og at dei skal bli kalla fram for å motta sølvtina. Du møter ektemakar (og andre konstellasjonar) i ulike aldrar som gjennom augekontakt og sin dialog ved bordet, tydeleg viser at dei er stolte av kvarandre, og av at dei har klart dette i lag med den dei er mest glad i. Du ser sølvtinemottakarar som tydeleg ber preg av at dette har kosta, og at det har vore mykje hardt arbeid, og der ei blank sølvtine nærast vert borte mellom far sine svære arbeidshender.

Du blir audmjuk, rørt og stolt, og kjenner deg priviligert av å få oppleve dette.  Og av å tenke på at desse fine folka, gjennom sitt samvitsfulle og målretta arbeid, dag etter dag, år etter år, morgon og kveld og igjen og igjen, har lagt grunnlaget for det levebrødet ein sjølv har hatt som TINE-medarbeidar og tillitsvald gjennom eit heilt yrkesliv. Mann er mann, og ost er ost heiter det, men så enkelt er det nok ikkje alltid. Desse flinke mjølkeprodusentane sin imponerande innsats er heilt avgjerande for TINE sitt gode omdømme som samfunnsaktør og produsent av kvalitetsprodukter.

 Og du tenkjer at dette er dei fine folka som gjer Norge til det Norge vi er så glade i. Det er desse folka som gjer til at det er lys i glasa, folk i nærbutikken, born i grendaskulane og at turistar og andre vegfarande ser velstelte grender. Så lat oss verne om desse. Alt dette er under press, og politikarar og andre premissleverandørar må kjenne sitt ansvar ! 

 Kanskje dei skulle ha hatt eit bordsete ilag med sølvtinemottakarar ? Takk for skifte! Fine folk…..

 Svein Førde.

 

 

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit juni

Kr 5,24

Snitt fettprosent kumelk juni

4,37%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås