Meny

Børs eller katedral?

Svein Førde.
Svein Førde.

Det norske, landbruksbaserte matmarkedet er underlagt ei rekke reguleringar som har sitt utgangspunkt i vedtekne, landbruks- og distriktspolitiske mål. Alle dei politiske partia, med unntak av Framstegspartiet, har forpliktande formuleringar i sine program, som tillegg norsk landbruksbasert matproduksjon andre mål enn akkurat det å produsere mat. Dette går i hovudsak på mattryggleik, struktur og distrikt, og det å ta heile landet i bruk.

Men virkemiddelbruken er meir sprikande. Lat oss mellom anna sjå på nokre av programformuleringane til Arbeidarpartiet. Der heiter det mellom anna: «variert landbruk over heile landet» og «opprettholde selvforsyningsgraden på dagens nivå, basert på den norske modellen med et sterkt importvern» - «opprettholde dagens geografiske produksjonsfordeling» - «videreutvikle og styrke norsk næringsmiddelindustri med tilgang på norske råvarer» og til slutt, «opprettholde samvirkebaserte markedsregulatorer».

Så har vi Høgre. Her synest landsdekkande ambisjonar å vere noko mindre, men likevel: «styrke selvforsyningen av landbruksprodukter» og «gjøre jordbruket best mulig rustet til å levere norsk mat til konsumentene i konkurranse med internasjonale aktører»!   

Så har vi sjølvsagt Senterpartiet, som har dei klart sterkaste og mest forpliktande programformuleringane knytta til distrikt og mat, men eg legg til grunn at desse er kjende. 

Så til poenget. Kor realistiske er alle desse gode formuleringane og intensjonane dersom regjering og Storting overlet den reèlle makta til daglegvarebransjen ? Kor reèlle er desse målsettingane dersom dei store samvirkeforetaka i landbruket er sprengt i filler, og ikkje lenger har kraft til å vere dei lokomotiva til måloppnåing som mange politiske parti tillegg dei å vere ? Kor lett vil det vere å realisere distriktspolitiske målsettingar knytta til matproduksjon når eit par daglegvarekjeder kontrollerer heile verdikjeden frå bås til bord ? Då blir det nok andre forhold enn henteplikt i dalstroka innafor og fjell til fjord som vil stå i fokus ! Då vil det vere billig, billig, bare lave priser og konkurransekraft som vil gjelde. Halleluja! Og dette markedet vil neppe la seg regulere. 

Vi er ikkje der enno, men vi er på god veg. 

Svein Førde, medlem av konsernstyret i TINE. 

 

TINE RÅVARES

Nøkkeltall 2019

Snitt melkepris ku og geit august

Kr 5,13

Snitt fettprosent kumelk august

4,20%

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1434 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås