Meny

Til medlemene i Søre Sunnmøre produsentlag

Dyra sitt ve og vel – dine val gjere ein forskjel! Velkomen til produsentlagsmøte om dyrevelferd : Onsdag 23. januar kl.11:00 på Ivar Aasen-tunet eller Onsdag 23.januar kl.20:00 på Ivar Aasen-tunet

Vi - eigarane av TINE – ynskjer å setje dyrevelferd tydeleg på dagsorden denne vinteren. Det gjere vi for å gjere oss alle meir medvitne på kor viktig dyrevelferd er, både for dyra og det økonomiske resultatet på garden og for at forbrukarane framleis skal velje TINE i butikkhylla.
TINE si satsing på dette i vinter skal handle om det du og eg kan gjere noko med gjennom dei vala vi tek for dyra våre kvar dag. Dette første møtet vil handle om kvifor god dyrevelferd er viktig for TINE og kva vi meiner med god dyrevelferd. Innleiarar er:
• Birgit Oline Kjerstad, rådsmedlem i TINE
• Bozena Farstad, rådgjevar i TINE

Det vert rikeleg høve til spørsmål og ein prat rundt bordet.
Enkel servering.
Hjarteleg velkomen!
I tida fram mot påske vil alle medlemer få invitasjon til små lokale grendetreff for å diskutere dyrestell og dyrevelferd. De får eit hefte i posten som fortel meir om dette. Eit hefte på geit og eit på ku. Målet vårt er å få med alle medlemer, for er det noko absolutt alle har erfaring med, så er det stell og handtering av dyr. Dette vert både lærerikt og sosialt, så her håpar vi på full oppslutnad!

Helsing arbeidsutvalet i Søre Sunnmøre produsentlag:
Kristine, Steffen, Lill Berit, Anne Stine og Hans Christian
TINE har laga ein podkast (lydfil) om dyrevelferd som er verdt å få med seg. Du finn den på medlem.tine.no/Aktuelt/Podkast, direkte på soundcloud.no eller via appen «Podcaster» på mobilen.

Våre data i Kukontrollen

Velkommen til verden!

Antall ikke tilgjengelig akkurat nå

kalver

født hittil i denne måneden

Hjelp til våre produsenter

Ring TINE Medlemssenter


51 37 15 00

Våre åpningstider er 08:00 - 15:30

medlem@tine.no

Mer om TINE Medlemssenter

Vil du ha tak i oss?

Vår kontaktinformasjon

TINE Rådgiving og Medlem

E-post: medlem@tine.no
Telefon: 03080 Sentralbord TINE SA

Adresse: Langbakken 20,
1430 Ås Se kart og veibeskrivelse

Post: Postboks 58, 1431 Ås