Hopp til innholdet
Laster...

Rekordproduksjon av sommarmjølk i Vestland

Laster...
Publisert:

Dei to siste åra har mjølkeproduksjonen i juli og august i Vestland fylke auka med nærare 15 prosent. Aldri før har mjølkeproduksjonen vore høgare enn sommaren i år.

Historisk sett har mjølkeproduksjonen vore lågast på sommaren, spesielt på Vestlandet. Til tross for at forbruket av meieriprodukt stort sett er jamn gjennom året. 

Høyr og sjå reportasjane i NRK Vestland, både radio og fjernsyn, om rekordproduksjonen av mjølk denne sommaren.

Radio (01:08:11 ut i programmet)

Fjernsyn 

Bonden svarer på behova i marknaden

Det at produksjonen har auka gir ein trippelgevinst:
- Bonden får betre betalt, (høgare mjølkepris om sommaren)
- Industrien får jamnare mjølkeinngang  (meir effektiv drift)
- Forbrukarane er sikra produkt gjennom ein god råstofftilgang heile året. 

TINE er imponert over den store auken i produksjonen av sommarmjølk p i Vestland. Det viser at bonden er opptatt av å tilfredsstille etterspurnaden i marknaden.

Det at fleire har lausdrift gjer det også lettare å produsere sommarmjølk.

 

Laster...