Leiar for gruppa er direktør i TINE Rådgiving og Medlemsservice, Johnny Ødegård, og sekretær er fagleiar geit, Ken Lunn.
Slik er gruppa samansett
Geitemjølkprodusentar:
-Marianne Rønning (Øst)
-Hege Gonsholt (Øst)
-Andreas Wollnick Wiese (Sørvest)
-Jostein Sande (Midt)
-Tor Lie (Midt)
-Raymond Mathisen (Nord
-Andreas Blixgård (Nord)
Frå administrasjonen deltek:
- Johnny Ødegård
- Eivind Kjuus,
- Norunn Ulvedal
- Ken Lunn
Skal gi innspel og råd
Konstituering skjedde i siste del av oktober.
Rådgjevande gruppe geit skal vera ei gruppa av aktive geitemjølkprodusentar og TINE-medlemmar, som administrasjonen bruker for å få innspel og råd i saker som gjeld geitemjølkprodusentane spesielt.
Gruppa skal òg gi informasjon om geitesaker, vera i aktiv dialog med geitemiljøet og få innspel på aktivitetar for geitemjølkprodusentane.
Referata blir sendt til konsernstyret
Gruppa var samstemte i at Rådgjevande gruppe geit bør være ei intern TINE gruppe, men der Bondelaget, Bonde- og småbrukarlaget og Norsk Sau og Geit vert inviterte til å delta på relevante saker. Det kan til dømes vera innspel til kvotedrøftingar, innspel til jordbruksforhandlingane og fellesprosjekt på geit.
Representantar frå Sal og Marknad, TINE Råvare og andre avdelingar kan også møte, avhengig av kva for saker som står på møtekartet.
Møtefrekvens blir to til fire møter i året, avhengig av kva saker som er til handsaming.
Referat frå møta vert oversende til medlemmane i Konsernstyret og TINE Medlem. TINE Medlem vil bidra med relevant informasjon frå arbeidet i gruppa.
.