Hopp til innholdet

Mjølkeproduksjonen auka med 16 millionar liter i 2020

Publisert: . Sist endret:

Volumet på kumjølk i 2020 landa på 1497 millionar liter. Det er over 16 millionar liter meir enn i 2019 og 45 millionar liter meir enn prognosen frå november 2019 basert på eit forholdstal på 0,96.

Dette viser at mjølkeprodusentane har omstilt seg til ein langt høgare etterspurnad i marknaden enn det vi trudde for eitt år sidan. Dei fleste fylka har ein auka. Unntaket er mjølkerike fylker som Møre og Romsdal og Trøndelag. Det er også ein lite auke i produksjonen av økologisk mjølk.

Meir protein, litt mindre feitt
I desember 2020 vart det levert 134,4 millionar liter kumjølk, nesten åtte prosent meir enn i 2019.  Feittinnhaldet var 4,38 prosent, mot 4,39 i 2019. Innhaldet av protein har gått opp frå 3,44 prosent i 2019 til 3,50 prosent i 2020.

Geitemjølka på same nivå som i 2019
Årsvolumet på geitemjølk i 2020 vart på 19,8 millionar liter, og med eit tørrstoff på 12,27 prosent.

Dette er same nivå som i 2019, både for volum og tørrstoff.
Ser vi berre på desember i fjor, var det ein nedgang på nærare ni prosent.

Les heile statistikken frå TINE Råvare