Hopp til innholdet

Mjølkeleveransar september 2022

Publisert:

Det vart levert 105,3 millionar liter kumjølk i september 2022. Dette er 6,7 prosent mindre enn i 2021 og 3,7 mill. liter mindre enn prognosa frå desember 2021. Feittinnhaldet var 4,38 prosent, som er 0,2 prosent meir enn i 2021 (4,37 %). Prognosa frå desember 2021 var 4,38 prosent.

Proteininnhaldet var 3,52 prosent, som er 0,9 prosent mindre enn i 2021 (3,55). Prognosa frå desember 2021 var 3,54 prosent.

Leveransen av geitemjølk i september var 1 522  000 liter og med eit tørrstoff på 12,35 prosent. Samanlikna med september 2021 er dette ein reduksjon i volum på 1,9 prosent og ein auke i tørrstoff med 0,3 prosent.

Finn leveransestatistikk for juli og august her.