Hopp til innholdet

Mjølkeleveransar i mai 2021

Publisert:

Det vart levert 137 millionar liter kumjølk i mai 2021. Dette er 4,4 prosent meir enn i 2020 og i samsvar med siste prognose. Leveransane av geitemjølk gjekk noko ned i mai.

Hittil i år har norske kyr produsert 675 millionar liter mjølk, ein auke på 25 millionar liter. Av denne auken kjem drygt 20 millionar liter frå TINE sine leverandørar.

Litt mindre feitt i kumjølka
Feittinnhaldet i kumjølk var 4,36 prosent, som er 0,5 prosent mindre enn i  2020. Prognosa frå desember 2020 var 4,40 prosent.
Proteininnhaldet var 3,46 prosent, som er 0,6 prosent høgre enn i 2020.

Stabilt tørrstoff i geitemjølka
Leveransen av geitemjølk i mai var 2,5 millionar liter, og med eit tørrstoff på 12,08 prosent. Samanlikna med mai 2020 er dette ein reduksjon i volum på 3,5 prosent og med same tørrstoff som i fjor.
Hittil i år er produksjonen av geitemjølk 300 000 liter lågare enn i fjor. Både i april og mai var produksjonen 100 000 liter ned samanlikna med same månader i fjor.

Sjå fleire detaljer i rapporten frå TINE Råvare