Hopp til innholdet

Mjølkeleveransar i januar

Publisert:

Det vart levert 135,9 millionar liter kumjølk i januar 2021. Det er 4,2 millionar liter meir enn same månaden i fjor. Likevel er dette  1,1 millionar  liter mindre enn siste prognose.

Ser vi på fylka, er det berre Møre og Romsdal og Troms og Finnmark som har ein nedgang i produksjonen samanlikna med januar i 2020. Resten av fylka har auke.

Fin auke i innhaldet av tørrstoff

Feittinnhaldet var i januar 4,43 %, noko som er høgare enn både fjoråret og prognosen.
Også innhaldet av protein ligg over både prognose og fjoråret med 3,52 %.

Leveransen av geitemjølk i januar var 656 000 liter og med eit tørrstoff på 13,38 prosent. Samanlikna med desember 2020 er dette ein reduksjon i volum på 13,3 prosent og ein auke i tørrstoff med 2,7 prosent.

Les heile statistikken frå TINE Råvare