Hopp til innholdet

Mjølkeleveransar desember 2022

Publisert:

Det vart levert 119,8 millionar liter kumjølk i desember. Dette er 8,3 prosent mindre enn i 2021, og i samsvar med siste prognose. Feittinnhaldet var 4,43 prosent, som er 0,2 prosent meir enn i 2021 (4,42 %). Prognosa frå desember 2021 var 4,42 prosent.

Proteininnhaldet var 3,50 prosent, som er 1,7 prosent mindre enn i 2021 (3,56 %). Prognosa frå desember 2021 var 3,49 prosent.

Totalt for 2022 er det levert 1 448,4 mill. liter kumjølk. Dette er ein reduksjon frå 2021 på 77 mill. liter, 5,1 prosent. Kvotefyllinga i 2022 var 92,4 prosent. Gjennomsnittleg feitt- og proteininnhald var på høvesvis 4,40- og 3,49 prosent.

Leveransen av geitemjølk i desember var 489 000 liter og med eit tørrstoff på 12,80 prosent. Samanlikna med desember 2021 er dette ein reduksjon i volum på 9,9 prosent og ein auke i tørrstoff på 1,2 prosent.

Totalt for 2022 er det levert 18,4 mill. liter geitemjølk. Dette er ein reduksjon frå 2022 på 0,5 mill. liter, 2,7 prosent. Kvotefyllinga i 2022 var 84,8 prosent. Gjennomsnittleg tørrstoffprosent var på 12,53 prosent.

Les meir frå TINE Råvare her