Hopp til innholdet
Pga omlegging av nettverks infrastruktur vil medlem.tine være nede fra lørdag 31.10 kl 1600 til søndag 01.11 kl 0900 ca.

Melkeleveransar for april

Det vart levert 120 millionar liter kumjølk i april 2023. Dette er 7,6 prosent mindre enn i 2022 og 7 mill. liter mindre enn prognosa frå november 2022. Leveransen av geitemjølk i april var 2,1 millionar liter, mot 1,8 millionar liter i mars. Dette viser tal frå Norsk melkeråvare.

For kumjølk var proteininnhaldet på 3,47 prosent. Tilsvarande i 2022 var 3,51 prosent. Prognosa frå november 2022 var 3,50 prosent. Feittinnhaldet var 4,46 prosent. Tilsvarande i 2023 var 4,44 prosent. Prognosa frå november 2022 var 4,43 prosent.

Hittil i år er det ein reduksjon i geitemjølksleveransen på 4,4 prosent samanlikna med 2022. Tørrstoffinnhaldet i april er samanfallande med prognosa frå november.

Leveranser april 2023 -  Fra Norsk melkeråvare