Hopp til innholdet

Litt av eit kunstfjøs på Omastrand

Publisert:

Dyrevelferd og bondevelferd har fått ein ny dimensjon med bruk av fargar og illustrasjonar i det nye fjøset til Bjørnar Gjerde og Torunn Lutro på Omastrand. Kunsten bidreg òg til at folk får innsikt og kunnskap om bønder, dyr og drift.

Det er masterstudenten Tonje Froastad som står for prosjektet i faget visuell kommunikasjon ved Universitet i Bergen. Bjørnar Gjerde og Torunn Lutro overtok garden i 2017 og flytta i oktober 2021 inn i ein heilt ny driftsbygning.  

Slik kan omgjevnadane spela inn på bondevelferda

I prosjektet ser Froastad på kva verdi fargepsykologi og illustrasjonar kan ha som ein integrert del av omgjevnadane våre.  

- Forsking viser at omgjevnadane me er i påverkar både humør, helse og velvære. I tillegg til vårt eige velvære påverkar òg omgjevnadane korleis me oppfattar og behandlar menneske rundt oss, seier Frostad.  

Prosjektet starta på barne- og ungdomsklinikken på Haukeland sjukehus, der born var målgruppa. Forsking syner at fargar me omgir oss med kan gje helsefordelar. Då dukka spørsmålet opp om fargar òg påverkar produksjonsdyr.   

-Eg fokuserte mykje på kva fargesyn kyr har. Kyr ser ikkje raudt og oransje, dei lengste bølgjelengdene i lyset. Om dei ser lilla er uvisst, men mest truleg ser dei nyansar av grønt og blått, seier Frostad.  

Kunst og kunnskap om næringa 

Dyrevelferd har stått i sentrum gjennom byggjeprosessen og det er veldig kjekt å kunna visa fram resultatet. Om fargar og illustrasjonar påverkar dyrevelferda er kanskje vanskeleg å måla, men vi veit at bondevelferd er viktig for dyrevelferd.  

-Me tykte dette var eit spennande prosjekt, og det gjev ein ekstra dimensjon for dei som vil sjå kva me driv med. Det er òg eit mål å gje besøkjande auka innsyn og kunnskap om det som skjer innanfor fjøsdøra. Det er viktig for at samfunnet skal verdsetja oss slik me fortener, meiner Bjørnar.  

Les også om kunstfjøset i Bondebladet

 

Barnehage i fjøset til Bjørnar
Bjørnar Gjerde, her med besøk frå Strandebarm barnehage, er svært nøgd med resultatet i fjøset.Foto: Karl Erik Berge - Bondebladet

 

Barnehage i fjøset til Bjørnar 2
Foto: Karl Erik Berge - Bondebladet
Ku i kunstfjøs
Foto: Karl Erik Berge - Bondebladet
IMG_0167

Foto: Bjørnar Gjerde