Hopp til innholdet

Godt grovfôr gir helsegevinstar for kua

Publisert:
av Helge Øksendal Rådgiver økonomi, TINE Rådgiving,
Omriss av en person
av Helge Øksendal
Rådgiver økonomi, TINE Rådgiving,

Grovfôret har ein verdi utover innhaldet av energi og protein. Gjennom tusenvis  av år har storfe utvikla seg til å utnytte graset. Det skjer gjennom drøvtygging og vomfunksjonen.

Gras og storfe høyrer framleis saman.

Velfungerande vom gir velfungerande dyr
Kukontrollen syner at buskap som yter høgt og som er friske, ikkje bruker mest kraftfôr. Tvert imot, dei får dekt ein større del av næringsbehovet med grovfôr. Resultatet er ei meir velfungerande vom, og dermed meir velfungerande dyr. Dette handlar i stor grad om rett balanse mellom stivelse og fiber.

Betre trivsel, helse og yting
Dess større del av næringsbehovet som er dekt av grovfôr, dess betre. Det gjeld både yting, helse og trivsel. Men det krev både rikeleg og godt grovfôr kombinert med god fôring.

Ved å byte ut ei foreining kraftfôr med grovfôr, oppstår det ein meirverdi.

I den første videoen møter du mjølkeprodusent Tor Ivar Barstad frå Ytterøya i Levanger og veterinær Kolbjørn Nybø. Dei deler sine erfaringar kring temaet grovfôr og helse.

Den andre videoen er eit opptak frå eit fagmøte der bonde og spesialrådgjevar innan fagfeltet fôring, Erik Brodshaug, fortel om grovfôrets verdi for drøvtyggarar.