Hopp til innholdet

God fart i mjølkeproduksjonen i starten av året

Publisert:

I februar vart det levert 124,9 millionar liter kumjølk. Korrigert for skotårsdagen i 2020, er dette ein auke på 4,4 prosent. På geitemjølk er det ein liten nedgang.

TINE Råvare har nyleg justert prognosen for kumjølk for 2021 til 1533 millionar liter. I februar vart det produsert 900 000 liter over prognosen.
Ser vi dei to første månadene under eitt,  er det ein auke i produksjonen på 5,3 millionar liter samanlikna med 2020. Av dette har TINE ein vekst på 3,5 millionar liter, medan andre aktørar ligg på 1,8 millionar liter.

Høgt innhald av tørrstoff

Mjølka som vart levert i februar  inneheld mykje feitt og protein. Feittinnhaldet var 4,46 % mot 4,31 % i februar 2020. Protein ligg på 3,56 % mot 3,40 % i fjor. Innhaldet av tørrstoff i kumjølka er over prognosen. 

Liten nedgang i geitemjølkvolumet

Leveransen av geitemjølk i februar var nesten 1,2 millionar liter, og med eit tørrstoff på 13,45 prosent. Samanlikna med februar 2020, og korrigert for skotårsdagen i 2020, er dette ein reduksjon i volum på 0,5 prosent og ein auke i tørrstoff med 3,9 prosent.